Fullmakt til opptak av statslån i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 65/2010 | Dato: 05.11.2010
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån i 2011.
Finansdepartementet legg i dag fram proposisjon om fullmakt til å ta opp statslån o.a. i 2011.
I tråd med dei etablerte retningslinene for budsjettpolitikken vert overskotet på statsbudsjettet motsvara av ei like stor avsetning til Statens pensjonsfond utland. Samstundes låner staten i marknaden for å refinansiere gamle statslån og for å finansiere statsbankane og sitt eigarskap i norsk næringsliv. Å oppretthalde ein statspapirmarknad på denne måten er òg viktig for å gi den private lånemarknaden ei risikofri referanserente. I tillegg må staten ha ei tilstrekkjeleg kontantbehaldning til å kunne dekkje opp dei store svingingane i skatteinnbetalingane.
Statens brutto finansieringsbehov i 2011 er berekna til 59,5 mrd. kroner. Finansieringsbehovet vil etter planen verte dekka ved opptak av nye lån innanlands og ved trekk på kontantbehaldninga.
Erfaringsmessig er det ønskjeleg å ha fleksibilitet til å kunne tilpasse låneprogrammet til skiftande tilhøve gjennom året. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån er foreslått sett til 50 mrd. kroner, og fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) er foreslått sett til 300 mrd. kroner. Statskassevekslar som vert nytta i ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett, er inkludert i denne fullmakta.
I proposisjonen vert det òg opplyst at Finansdepartementet vurderer eit råd frå Noregs Bank om å gje eit tilbod om førtidig innfriing i byteordninga som vart etablert hausten 2008.
I desember vil Finansdepartementet og Noregs Bank offentleggjere ein auksjonskalender for sal av statsobligasjonar og statskassevekslar i 2011.