Revidert nasjonalbudsjett 2013
Auka vrakpant og lågare avgift for ladbare hybridbilar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Pressemelding | Nr: 23/2013 | Dato: 07.05.2013
Regjeringa foreslår å auke vrakpanten med ytterlegare 500 kroner. Vrakpanten vert dermed 3 000 kroner per bil. I tillegg foreslår Regjeringa å auke vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar. Det gir enda lågare avgift for hybridbilar med låge CO2-utslepp. Endringane skjer frå 1. juli.
Regjeringa foreslår å auke vrakpanten med ytterlegare 500 kroner. Vrakpanten vert dermed 3 000 kroner per bil. I tillegg foreslår Regjeringa å auke vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar. Det gir enda lågare avgift for hybridbilar med låge CO2-utslepp. Endringane skjer frå 1. juli.
Regjeringa har heva vrakpanten med 500 kroner to år på rad. Med ein ytterlegare auke på 500 kroner frå 1. juli er vrakpanten dobla sidan 2011. Dette skal auke motivasjonen til å levere inn utrangerte køyretøy slik at dei vert tatt hand om på ein forsvarleg måte.
- Regjeringa har dei siste åra lagt om avgiftene for å bidra til at vi får ein bilpark med mindre utslepp. Dette har gitt gode resultat. No tar vi eit nytt steg som gjer det meir lønsamt å kjøpe miljøvenlege bilar, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.
Regjeringa foreslår å auke vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar frå 10 til 15 prosent av vekta på bilen. Grunnen er at dei ladbare hybridbilane oftast har tyngre batteri enn dei vanlege hybridbilane. Endringa vil gi lågare avgift for desse bilane. Ladbare hybridbilar har mykje lågare CO2-utslepp enn vanlege bilar. Endringa er eit bidrag til å nå klimamåla som Regjeringa har satt.
Mer om Revidert nasjonalbudsjett 2013:
Finansdepartementets pressemeldinger og faktaark
- Pressemelding 20/2013: Et budsjett for vekst og velferd
- Pressemelding 21/2013: Unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet
- Pressemelding 22/2013: Klimakvotekjøp tilpasset et endret marked
- Pressemelding 23/2013: Auka vrakpant og lågare avgift for ladbare hybridbilar
- Pressemelding 24/2013: Styrket grensekontroll
- Pressemelding 25/2013: Enklare reglar om handsaming av skatteklager
- Faktaark: Hovedtrekk i den økonomiske utviklingen
- Faktaark: Nøkkeltall i Revidert nasjonalbudsjett for 2013
- Faktaark: Skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2013
Pressekonferansen til finansministeren
Budsjettdokumentene