Regulering av fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 94/2007 | Dato: 14.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2008.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2008.
Det internasjonale råd for havforsking - ICES - tilrår at det vert fastsett forbod mot direktefiske/-fangst av brugde, håbrann og pigghå. På denne bakgrunn har Fiskeri- og kystdepartementet vidareført forbodet mot direkte fangst av brugde, og mot direktefiske/-fangst av håbrann og pigghå.
Dersom bifangst av brugde er død eller døyande, skal den landast og registrerast. Levedyktig bifangst av brugde skal sleppast i sjøen.
Bifangst av håbrann og pigghå skal landast og registrerast.