Regulering av fisket etter brisling i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 85/2007 | Dato: 13.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter brisling i EU-sona i Nordsjøen og Skagerrak for 2008.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter brisling i EU-sona i Nordsjøen og Skagerrak for 2008.
Norske fiskarar kan fiske 10.063 tonn i EU-sona og 3.900 tonn i Skagerrak. Skagerrak-kvoten går til det tradisjonelle kystbrislingfisket.
Fartøy med rett til å delta i havbrislingfisket i EU-sona, skal melde utsegling til Norges Sildesalgslag. Med utsegling meiner ein det tidspunktet fartøyet forlet hamna for direkte segling til feltet. Alle fartøy vert gitt ein maksimalkvote på 800 tonn.
Fisket startar 1. januar 2008.
Det er forbode å fiske brisling i EU-sona og i norsk økonomisk sone frå 1. april til 31. juli 2008, og det er forbode å fiske brisling i norsk økonomisk sone i Nordsjøen så lenge fisket i EU-sona føregår.
For kystbrislingfisket vil fredingsperioden forlengast til 31. juli, i samsvar med endringa som blei gjort i 2007.