Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 98/2007 | Dato: 19.12.2007
Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild aukar frå 780.800 tonn i 2007 til 925.980 tonn i 2008. Det vert innført ny fordeling av totalkvoten, endra kvotestige i kystgruppa og kvotefleksibilitet mellom kalenderåra.
Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild aukar frå 780.800 tonn i 2007 til 925.980 tonn i 2008. Det vert innført ny fordeling av totalkvoten, endra kvotestige i kystgruppa og kvotefleksibilitet mellom kalenderåra.
Fiskeri- og kystdepartementet har lagt til grunn ei ny fordeling av den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild basert på landsmøtevedtaket til Norges Fiskarlag.
Det er sett av eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking og skulekvotar og 1000 tonn til agnkvoten før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten. Det er vidare sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe.
Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystfartøygruppa får maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2008. Den norske kvoten er fordelt med 339.289 tonn til kystfartøygruppa, 101.418 tonn til trålarane og 481.273 tonn til ringnotgruppa. Kvotestigen for fartøy i kystfartøygruppa går frå 100 tonn med garantert kvantum på 63,75 tonn for fartøy under 7 meter til 1680 tonn med garantert kvantum på 1071 tonn for fartøy på 26 meter og over. Fartøykvotane for ringnot og trål vert fastsette etter same nøkkel som i 2007. Det vert innført meldeplikt ved notsprenging.
Det vert innført kvotefleksibilitet på gruppenivå i 2008 slik at kvotar som ikkje er fiska kan overførast til neste år. Dersom det står igjen meir enn 10 % av restkvoten til ei gruppe, skal den overskytande kvoten refordelast til dei andre fartøygruppene.