Regulering av fisket etter raudspette i Nordsjøen og Skagerrak i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 87/2007 | Dato: 13.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter raudspette i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter raudspette i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.
Den norske kvoten i Nordsjøen for 2008 er på 1105 tonn, medan kvoten i Skagerrak er på 187 tonn. Til saman er dette ein liten auke av kvoten frå 2007.
I reguleringane vert det som i tidlegare år lagt opp til å sikre fiskemuligheitene for det konvensjonelle raudspettefisket, og å unngå at dette fisket vert stoppa i løpet av året.
I fisket i Nordsjøen er det avsett 60 tonn til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, medan 1045 tonn tilfell trålarane.
I Skagerrak er det avsett 80 tonn til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, og 107 tonn til trålarane.
For trålfartøy som fiskar raudspette i Nordsjøen gjeld ein maksimalkvote på 420 tonn, medan det for trålfartøy gjeld ein maksimalkvote på 35 tonn i fisket etter raudspette i Skagerrak. Fisket kan verte stoppa dersom totalkvoten eller gruppekvoten vert berekna oppfiska.