Regulering av fisket etter rognkjeks i Nordland, Troms og Finnmark i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 92/2007 | Dato: 14.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter rognkjeks i Nordland, Troms og Finnmark i 2008. Reguleringane er ei vidareføring i høve til inneverande år, med unntak av at maksimalkvoten vert auka frå 2000 til 2500 kg rogn per fartøy i 2008.

For dei som fyller vilkåra for å delta vert det tillate å fiske rognkjeks fram til 20. juni i Nordland, Troms og Finnmark vest for 26°Ø, og fram til 5. juli i Finnmark aust for 26°Ø. Grensa ved 26°Ø vert dregen slik at ho samsvarar med statistikkområde 03.
1 kg sjølvtilverka rogn skal avreknast 1,2 kg av kvoten.