Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 95/2007 | Dato: 17.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og i Skagerrak i 2008.
Noreg og EU har fastsett ein totalkvote for torsk i Nordsjøen på 22.152 tonn. Norsk kvote i 2008 er på 3.334 tonn.
Bestandssituasjonen for torsk i Nordsjøen er framleis vanskeleg, sjølv om det er teikn som tyder på at 2005-årsklassa kan gje vekst i gytebestanden. Det er også i 2008 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette inneber at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske skal framleis regulerast med bifangstreglar.
Bifangstavsetninga til trålarane er på 1.000 tonn.
Reguleringa inneber at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2.334 tonn i 2008, inklusiv bifangst på 300 tonn.
Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2008. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 30 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 60 tonn, og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 120 tonn. Fartøy i open gruppe som er under 21 meter kan fiske 5 tonn, og fartøy over 21 meter i open gruppe kan fiske maksimalt 20 tonn.
Fartøy som fekk dispensasjon frå forbodet mot direktefiske i Skagerrak i 2007, kan fiske innanfor ein maksimalkvote på 7 tonn.
Når gruppekvoten er nådd eller fartøyet har fiska maksimalkvoten, kan fartøy som hadde løyve til å delta i direktefisket, ha maksimalt 20 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar.
Konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter som ikkje har løyve til å delta i direktefisket, kan ha inntil 20 % bifangst av torsk ved fiske etter andre artar.
Fartøy som fiskar med trål kan ha inntil 2,5 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar.
Fartøy som fiskar med konsumtrål med minste maskevidde på 120 mm i Nordsjøen, og som har nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve, kan ha inntil 20% torsk som bifangst i fiske etter andre artar.