Historisk arkiv

Regulering av fisket etter torsk, sei og hyse nord for 62. graden i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62ºN i 2008. Med frådrag av kvotar til forsking, undervisning og agn, kan norske fartøy fiske 195 413 tonn torsk, 76 500 tonn hyse og 225 000 tonn sei i 2008. Det vert avsett 6 500 tonn torsk til bifangst etter 1. september 2008.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62ºN i 2008. Med frådrag av kvotar til forsking, undervisning og agn, kan norske fartøy fiske 195 413 tonn torsk, 76 500 tonn hyse og 225 000 tonn sei i 2008. Det vert avsett 6 500 tonn torsk til bifangst etter 1. september 2008.

Ny inndeling etter Finnmarksmodellen – fartøy mellom 10 og 11 meter byter gruppe.

Som følgje av innføringa av strukturkvoteordning ned til 11 meter vert det gjort endringar i reguleringane ved at fartøy med heimelslengde mellom 10 og 11 meter skifter reguleringsgruppe. I samband med omlegginga har fartøya med heimelslengde mellom 10 og 11 meter lagt igjen ti prosent av kvotane sine i den nye gruppa 11-15 meter. Som i 2007 vert grunnkvoten gjeven etter heimelslengde, men overreguleringa vert etter faktisk lengde.

Bifangst og distrikskvote

Det vert avsett same kvantum torsk til distriktskvote for trålarane som i 2007. Erfaringane frå dei to siste åra vil bli lagt til grunn når reglane for distriktskvoten i 2008 vert fastsette.

Distriktskvoteavsetninga for konvensjonelle fartøy over 15 meter vert slegen saman med  bifangstavsetninga, og det samla kvantumet på 6.500 tonn torsk vil bli avvikla som ei bifangstordning til hausten, med start 1. september.    

- Dei siste åra har kystflåten overfiska torskekvotane sine samtidig som store kvantum sei og hyse er blitt ståande igjen. Med innføring av ei romsleg bifangstordning ventar eg at det vil bli auka leveringar av både sei, hyse og torsk til hausten, noko som vil bidra både til jamnare leveringar over året og totalt auka aktivitet på kysten, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.    

Torsk

Den norske torskekvoten er fordelt med 137 371 tonn (70,37%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap (garn, line, snurrevad og snøre), og 57 842 tonn (29,63%) til trålarane.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 17 597 tonn, og er regulert med fartøykvoter. Fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 102 264 tonn, og fartøy i ope gruppe kan fiske 12 510 tonn i 2008.

Fartøy i lukka gruppe under 28 meter er regulert med fartøykvoter. Fartøykvotene er frå 12,5 tonn til 183,8 tonn avhengig av heimelslengde og fartøyets faktiske lengde. Overreguleringa vert sett høvesvis frå 50% til 2%. Fartya må dekke eventuell bifangst av torsk i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten fram til 1. september. 

Det vert sett av 5000 tonn torsk til bifangst etter 1. september. Dette kvantumet vert tatt frå alle konvensjonelle fartøy under 28 meter, også i ope gruppe. I tillegg vert kvantumet til distriktskvote frå fartøy mellom 15-21 meter og mellom 21-28 meter sett av til bifangst. Total avsetning til bifangst vert difor 6588 tonn torsk. Dette vil bidra til at større deler av sei og hysekvotene vert fiska.

Innblandingsprosenten settes til 10 % frå 1. september 2008 og vil bli justert utover hausten etter behov. Bifangstregelen vil være basert på vekeavregning. Når det gjelder spørsmålet om opptrappingsplan, antydast det at innblandingsprosenten vil bli økt til 15-20 % rundt månadsskiftet september/oktober og vidare til 25-30 % rundt november/desember.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 639 tonn torsk i 2008, det same som i 2007.

Hyse

Den norske hysekvoten blir fordelt med 47 430 tonn (62%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap og 29 070 tonn (38%) til trålarane.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 8 538 tonn, og er regulert med maksimalkvoter, kor kvoteeininga vert sett til 131 tonn, derav 97 tonn vert garantert. Desse fartøya må dekke eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten. 

Fartøy under 28 meter i lukka gruppe gis fritt fiske etter hyse innafor gruppekvota, med garanterte kvoter i botn avhengig av heimelslengde. Fartøy i ope gruppe kan fiske 3 794 tonn i 2008 og vert gitt fritt fiske innanfor gruppekvota.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 gis en maksimalkvote av hyse på 389 tonn, derav 324 tonn er garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 20 %.

Sei

Den norske kvoten er fordelt med 85 500 tonn (38%) til fartøy som fisker med konvensjonelle reiskap, 56 250 tonn (25%) til notfartøya og 83 250 tonn (37%) til trålarane. 350 tonn av kvoten er sett av til agnformål.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 9 405 tonn, fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 64 125 tonn, og fartøy i åpen gruppe kan fiske 11 970 tonn sei i 2008.

Fartøy i lukka gruppe gis fritt fiske med ein garantert kvote avhengig av faktisk lengde og heimelslengde.

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske en maksimalkvote mellom 365 og 2058 tonn. Alle gis en garantert kvote på 365 tonn.

Torsketrålarane kan fiske 66 600 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 15 650 tonn etter at det er avsett 1 000 tonn til dekking av bifangst i industritrålfisket.

Trålgruppa er regulert med maksimalkvote og garanterte kvoter. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotene: Fabrikktrålarar 1023 tonn derav 851 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 775 tonn derav 645 tonn er garantert og småtrålarar 449,5 tonn derav 374 tonn er garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvoter etter ein stige frå 525 tonn til 1500 tonn og garanterte kvoter frå 438 tonn til 1252 tonn.

Påskestopp

Det blir ikkje innført påskestopp i 2008.