Regulering av fisket etter uer i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 83/2007 | Dato: 12.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2008.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2008.
På grunn av bestandssituasjonen for uer, har Fiskeri- og kystdepartementet vedteke at reglane når det gjeld fiske etter uer vert vidareført.
Fjorårets forbod mot direkte fiske etter uer vert vidareført i 2008. Forbodet gjeld ikkje for fartøy under 11 meter som fiskar med juksa.
Gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer nord for 62°N vert vidareført.
Forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare, og det same gjeld bifangstprosenten. Dermed kan ein heller ikkje i 2008 ha meir enn 15 prosent innblanding av uer i fisket etter andre artar. Forbodet mot å fiske med torsketrål og å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i enkelte område, vert også vidareført i 2008.