Regulering av fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 104/2008 | Dato: 12.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2009.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2009.
Det internasjonale råd for havforsking (ICES) tilrår at det vert fastsett forbod mot direktefiske/-fangst av brugde, håbrann og pigghå. På denne bakgrunn har Fiskeri- og kystdepartementet vidareført forbodet mot direkte fangst av brugde, og mot direktefiske/-fangst av håbrann og pigghå.
Dersom bifangst av brugde er død eller døyande, skal han landast og registrerast. Levedyktig bifangst av brugde skal sleppast i sjøen.
Bifangst av håbrann og pigghå skal landast og registrerast.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47