Regulering av fisket etter breiflabb i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 103/2008 | Dato: 12.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb i 2009.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb i 2009.
Gjeldande regelverk for breiflabbfisket vert i hovudsak ført vidare.
Fredingsperioden vert utvida til fem månader mellom 64 og 65°N – tilsvarande som nord for 65°N. Det er forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 64°N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62°N og 64°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.
Nytt i 2009 er at fartøy som driv garnfiske etter breiflabb sør for 62°N skal rapportere til Kystvaktsentralen på Sortland (tlf. 07611) om setting av garn, opphaling av garn ved avslutting av fisket, tap av garn og funn av tapte garn. Tilsvarande rapporteringsplikt er tidlegare innført nord for 62°N. Norske fartøy kan fiske med inntil 500 garn, som skal røktast minst annankvar dag.
Vidare er det nytt i 2009 at det vert tillete å ha inntil 0,5 % innblanding av breiflabb i fiske med småmaska trål – avgrensa til maksimalt 500 kg per tur. Dette for å sikre at uunngåeleg bifangst under slikt fiske blir registrert. Denne regelen vil bli vurdert på nytt dersom han medverkar til auka uttak av breiflabb.
Forbodet mot direkte fiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad vert vidareført i 2009. Maksimal bifangst av breiflabb som er tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad, vert ført vidare på 25 %. For fiske med reketrål vert regelen om maksimal bifangst av breiflabb på 10 % vidareført.
Kontakt: Ekspedisjonssjef, Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47