Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 111/2008 | Dato: 18.12.2008
Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild aukar frå 925 980 tonn i 2008 til 1 002 230 tonn i 2009. Fordeling av totalkvoten og kvotestige i kystgruppa vert den same som i 2008. Kvotefleksibiliteten mellom kalenderåra vert ført vidare.
Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild aukar frå 925 980 tonn i 2008 til 1 002 230 tonn i 2009. Fordeling av totalkvoten og kvotestige i kystgruppa vert den same som i 2008. Kvotefleksibiliteten mellom kalenderåra vert ført vidare.
Det er sett av eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking og skulekvotar og 1000 tonn til agnkvoten før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten. Det er vidare sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe.
Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystfartøygruppa får maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2009. Den norske kvoten er fordelt med 367 349 tonn til kystfartøygruppa, 109 805 tonn til trålarane og 521 076 tonn til ringnotgruppa. Kvotestigen for fartøy i kystfartøygruppa går frå 112,50 tonn med garantert kvantum på 71,25 tonn for fartøy under 7 meter til 1 890 tonn med garantert kvantum på 1 197 tonn for fartøy på 26 meter og over. Fartøykvotane for ringnot og trål vert fastsette etter same nøkkel som i 2008. Gruppekvotane for 2009 vil som følgje av kvotefleksibiliteten korrigerast når dei endelege tala for fisket i 2008 er klare.
Fartøy i ringnot- og trålgruppa får kvotefleksibilitet i 2009, slik at den delen av kvoten som ikkje er fiska i 2009, kan overførast til 2010. På same måte vil overfiske av kvoten i 2009 verte trekt frå kvoten i 2010. Kystfartøygruppa har kvotefleksibilitet på gruppenivå, men kvotar som ikkje er fiska av kystfartøygruppa vil framleis kunne refordelast på gruppenivå i 2009.
Alle fartøy – også i kystfartøygruppa – kan fiske inntil 10 % av kvoten for 2010 på forskot i 2009. For fartøy i kystfartøygruppa gjeld denne kvotefleksibiliteten berre for den garanterte kvoten.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47