Regulering av fisket etter tobis og augepål i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 110/2008 | Dato: 18.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis og augepål i 2009. I tråd med tilrådingane frå havforskarane kan det opnast for eit fisket etter augepål i 2009. Fisket etter tobis er avhengig av resultata av eit felles prøvefiske med EU.
Etter Kvoteavtalen mellom Noreg og EU har Noreg tilgang til å fiske 20.000 tonn tobis i EU-farvatn. Noreg og EU har også avtalt å gjennomføre eit felles prøvefiske etter tobis. Ein eventuell kvote for eit kommersielt fiske vil bli bestemt etter ein modell utarbeidd av Det internasjonale råd for havforsking (ICES).
Etter råd frå ICES er det opna for eit direkte fiske etter augepål i perioden 1. mai til 31. august 2009. Den norske kvoten er på 28.350 tonn. ICES kjem med eit revidert råd i april/mai 2009 og reguleringa kan bli endra som følgje av dette rådet.
Frå 1. januar er det innført forbod mot direkte fiske etter augepål både sør og nord for 62ºN i 2009. Augepål kan likevel fiskast som bifangst i fisket etter andre artar.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47