Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 106/2008 | Dato: 12.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og i Skagerrak i 2009. Noreg og EU har fastsett ein totalkvote for torsk i Nordsjøen på 28 798 tonn. Norsk kvote i 2009 er på 4896 tonn.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og i Skagerrak i 2009. Noreg og EU har fastsett ein totalkvote for torsk i Nordsjøen på 28 798 tonn. Norsk kvote i 2009 er på 4896 tonn.
Bestandssituasjonen for torsk i Nordsjøen er framleis vanskeleg, sjølv om 2005-årsklassa kan gje vekst i gytebestanden. Det er også i 2009 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette inneber at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske skal framleis regulerast med bifangstreglar. Bifangstavsetninga til trålarane blir auka frå 1000 til 1500 tonn.
Reguleringa inneber at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2974 tonn i 2009, inklusiv bifangst på 400 tonn. Dette er ei auke på 540 tonn frå 2008.
Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2009. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 30 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 60 tonn, og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 120 tonn. Differensierte garanterte kvotar blir gjeninnført for lukka gruppe og blir sette til 5, 10 og 20 tonn. Fartøy i open gruppe som er under 21 meter kan fiske 5 tonn, og fartøy over 21 meter i open gruppe kan fiske maksimalt 20 tonn.
Fartøy som fekk dispensasjon frå forbodet mot direktefiske i Skagerrak i 2004, kan fiske innanfor ein maksimalkvote på 7 tonn.
Når gruppekvoten er nådd eller fartøyet har fiska maksimalkvoten, kan fartøy som hadde løyve til å delta i direktefisket, ha maksimalt 20 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar.
Konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter som ikkje har løyve til å delta i direktefisket, kan ha inntil 20 % bifangst av torsk ved fiske etter andre artar.
Fartøy som fiskar med trål kan ha inntil 2,5 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar.
Fartøy som fiskar med konsumtrål med minste maskevidde på 120 mm i Nordsjøen, og som har nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve, kan ha inntil 20% torsk som bifangst i fiske etter andre artar.
Endra minstemål
Det er også vedtatt å auke minstemåla i Nordsjøen og Skagerrak for torsk, hyse, kviting/hvitting og sei, med unntak for fiske med seinot innanfor 4 nautiske mil av grunnlinjene, kor dagens minstemål på 32 cm står ved lag.
Art |
Dagens minstemål |
Nytt minstemål |
Torsk |
30 cm |
40 cm |
Hyse |
27 cm |
31 cm |
Hvitting |
23 cm |
32 cm |
Sei |
32 cm (30cm i Skagerrak) |
40 cm (32 cm for seinot) |
Forbod mot bruk av not
Havforskingsinstituttet har i rapporten om kysttorsk sør tilrådd at forbodet mot å fiske med not etter torsk og hyse blir utvida til også å gjelde sør for 61ºN. Det er derfor vedtatt å endre utøvingsforskrifta slik at all bruk av not blir forbode i fisket etter torsk og hyse.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47