Regulering av fisket etter uer i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 109/2008 | Dato: 15.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrifter om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone og uer i ICES statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2009.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrifter om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone og uer i ICES statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2009.
På grunn av bestandssituasjonen for uer har Fiskeri- og kystdepartementet vedteke at reglane når det gjeld fiske etter uer vert vidareført, med unntak av nokre små endringar.
Forbodet i år mot direkte fiske etter uer vert vidareført i 2009. Unntaket frå forbodet for fartøy som fiskar med juksa vert i 2009 utvida til også å gjelde for fartøy over 11 meter.
Gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer nord for 62°N vert vidareført.
Forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare, og det same gjeld bifangstprosenten. Dermed kan ein heller ikkje i 2009 ha meir enn 15 % innblanding av uer i fisket med trål etter andre artar. Når det gjeld fisket med konvensjonelle reiskapar vert bifangstprosenten 20 %. Forbodet mot å fiske med torsketrål og å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i enkelte område vert også vidareført i 2009.
Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES statistikkområde I og II vert vidareført. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 10 500 tonn mellom 15. august og 15. november 2009. Fisket vert regulert som eit fritt fiske innanfor kvoten i denne perioden. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2009.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47