Stine Hammer avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 45/2008 | Dato: 20.06.2008
Stine Hammer er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Hammer skal arbeide i Forskings- og innovasjonsavdelinga. Avdelinga arbeider blant anna med rammevilkår for forvaltnings- og næringsretta forsking og innovasjon.

Hammer er 39 år og utdanna cand.polit. med hovudfag i samfunnsøkonomi og mellomfag i psykologi.
Hammer arbeidde som lærar i vidaregåande skule før ho i 1998 vart tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet. I Fiskeri- og kystdepartementet har Hammer arbeidd i tre ulike avdelingar, og ho har fungert som avdelingsdirektør ein kortare periode. Frå 2004 har ho vore tilsett i Forskings- og innovasjonsavdelinga, og ho har koordinert arbeidet med forsking og innovasjon i avdelinga sidan 2005.
I den nye stillinga vil Hammer ha leiaroppgåver innan forsking og næringsutvikling.