Historisk arkiv

Regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2010.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2010.

Den norske totalkvoten av reker for 2010 er sett til 8767 tonn, med 4200 tonn i Nordsjøen og 4567 tonn i Skagerrak.

Reguleringane for inneverande år vert vidareførde i 2010, med unntak av at maksimalkvotane vert litt reduserte som følgje av 10 % lågare norsk kvote enn i 2009. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 % av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30 % i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 45 tonn i første periode og 35 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane. Fiskeridirektoratet vil følgje utviklinga i fisket og vurdere å auke maksimalkvotane om det er naudsynt.

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram fisket innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska.
Det einskilde fartøy sitt fiske er avgrensa til 6 tonn reker per tur, og helgedagsfredinga vert vidareført.

 

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22246440
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22246447