Marin forskingsinnsats tredobla på ti år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Nyheit | Dato: 03.05.2011
Ressursinnsatsen til marin forsking er nesten tredobla dei siste ti åra. Innan marin sektor forskar Noreg for nærare tre milliardar kroner årleg.
Ressursinnsatsen til marin forsking er nesten tredobla dei siste ti åra. Innan marin sektor forskar Noreg for nærare tre milliardar kroner årleg.
-Dette er gledelege tal. Utan investeringar i kunnskap hadde ikkje den veksten vi har sett i sjømatnæringa vore mogleg. Tilgang på kunnskap er ein kritisk nøkkelfaktor for å styrkje den framtidige konkurranseevna til næringa innanfor miljømessig berekraftige rammer, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
-Rapporten viser likevel at vi framleis må arbeide for å auke næringa sitt engasjement i forsking og utvikling på marin sektor, avsluttar fiskeri- og kystministeren.
NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning) har kartlagt ressursinnsatsen til marin forsking i Noreg sidan 1999. No ligg rapporten for 2009 føre.
Les nettsak frå Forskingsrådet