Historisk arkiv

Seminar om kunnskapsstatus og kunnskapsbehov ved nedkjemping av lakselus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegg statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet - Gardermoen 10.desember 2008

Innlegg statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet - Gardermoen 10.desember 2008

På  vegne av arrangørane vil eg ynskje dykk velkomne til dette seminaret. 

Det er ei dagsaktuell sak de er samla for å diskutere i dag. Det er difor godt å sjå at så mykje kompetanse er samla her frå forskingsmiljø, forvaltning og næring.
Statsråden kunne diverre ikkje delta i dag, då ho må ta seg av andre plikter, men eg lova å helse til dykk frå henne og seie at  ho vil følgje godt med på utfallet av seminaret.

Denne regjeringa har ambisjonar om vidare berekraftig vekst i havbruksnæringa. Langs den langstrakte kysten vår er det framleis rom for vidare vekst i havbruksproduksjon, utan at omsynet til miljø og villfisk vert skadelidande. For nokre veker sidan vedtok difor regjeringa å dele ut 65 nye konsesjonar for laks, regnbogeaure og aure.

Veksten i havbruksnæringa krev at berekraft framleis er ei hovudsak for næringa. Andre faktorar er og sjølvsagt viktige, som forbrukartrendar og økonomisk utvikling - faktorar vi vert sterkt minna om i desse dagar. Eg vil likevel seie det så sterkt at utan berekraft vil veksten i næringa stoppe opp.

Norsk havbruksforvalting følgjer næringa tett og gjennomfører tiltak når det blir nødvendig. Som til dømes i Hardangerfjorden tidligare i år.
Miljøsituasjonen i norsk havbruk er generelt god, men det er likevel nokre område som krev auka merksemd.

Saman med rømming og genetisk påverking, er spreiing av lakselus til vill laksefisk det mest alvorlege trugsmålet mot berekraft i havbruksnæringa i dag.
Det er difor viktige og avgjerande spørsmål de skal diskutere her i dag.

Det å hindre spreiing av lakselus har vore ei prioritert oppgåve for departementet i mange år. Både forskarar og forvaltning har lagt ned betydelege arbeid for å finne løysingar som ein gong for alle kan setje ein stoppar for dei problema lakselus påfører villaksen, næringa, fritidsfiskarar og forvaltninga. Det blir arbeidd på fleire frontar for å redusere førekomsten av lakselus, både gjennom forskingsprogram, overvaking, regelverksarbeid, driftsrutinar og kontrolltiltak.

Innanfor departementets forskingsbudsjett har vi prioritert forsking på dette over fleire år. I 2009 vil departementet løyve 308 mill kr til forskingsrådet til fiskeri, - havbruk og transportrettet forsking. Lakselus er eit forskingsområde som blir priortert innanfor forskingsrådet si ramme.

I tillegg blir deler av Havforskingsinstituttet si ramme øyremerka til forsking på lakselus. Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF) har og prioritert forsking på lakselus, og det er samtidig investert i forsking på dette frå næringa.

Lakselus har difor vorte grundig granska av forskarar. Det er likevel framleis fleire spørsmål om lusa vi ikkje har funne svar på. Kva for retning forskarane skal gå framover er eit av dei viktige spørsmål de skal diskutere her i dag. Er det mogleg å utvikle ein vaksine eller må vi leite etter andre løysingar?

Departementet finansierer ikkje berre forsking. Ei god og effektiv forvaltning av næringa er eit anna viktig verkemiddel for å redusere effektane av lakselus.
For å redusere konsekvensane av lakselus har vi nyleg vedteke ei ny forskrift om nedkjemping av lus i havbruksanlegg. Målet med denne forskrifta er både å kontrollere lakselus i oppdrettsanlegga og å redusere lusproblem for villfisk.

Mattilsynet har med dette regelverket for nedkjemping av lus i oppdrettsnæringa fått gode verktøy for å sikre:

  • effektiv gjennomføring av avlusing,
  • at avlusinga skjer koordinert i geografiske område,
  • at oppdrettarane gjennomfører koordinert brakklegging, og
  • dersom tilhøva tilseier det, krevje pålagt avlusing ved lågare grenseverdiar enn det som er sett i forskrifta, t.d. i geografiske område med særskild stor biomasse, eller i nasjonale laksefjordar.

Mattilsynet har og fastsett ei forskrift som skal sikre samordna avlusing hausten 2008 og vinteren 2009 på Vestlandet. Mattilsynet køyrde ein tilsvarande kampanje i 2007 med gode resultat. Med erfaringane frå den kampanjen, er det håp om at vinterens avlusingskampanje skal bli ein suksess.

I år har det igjen dukka opp meldingar om lus som ikkje lar seg knekke av lakselusmiddel. At nokre bestandar med lus blir mindre følsame for eitt av dei lakselusmidla som finst på marknaden, kan ha mange og samansette årsaker. Det er likevel ikkje tvil om at ein av hovudgrunnane er auka bruk og større einingar. Meir fisk i anlegga gjer avlusingsoperasjonane vanskelegare.

Så langt har lokalitetane med denne typen lakselus blitt behandla med eit av dei andre midla, og lusa har forsvunne frå fisken. Det er likevel særs viktig at lokalitetar der det har blitt observert lus som er mindre følsame for lusemiddel blir brakklagde etter at fisken er slakta ut. Det er aldri observert at resistent lakselus kjem tilbake på ein lokalitet etter brakklegging.

I situasjonar der kjemien sviktar er det viktig å hugse på at biologisk avlusing med leppefisk er ein metode som lakselusa aldri kan bli resistent mot. Forvaltninga vil framleis oppfordre til auka bruk av leppefisk.

Eg var inne på at departementet har prioritert forsking på lakselus. Fiskeri- og kystdepartementet har bedt Noregs forskingsråd om eit oversyn over nyare forsking og kompetanse innan lakselus, og ei vurdering av forskingsmessige tiltak som kan bidra til å redusere problema med lakselus. I tillegg til eit oversyn over kunnskapsstatus er forskingsrådet i samarbeid med aktuelle aktørar bedt om vurdere ytterlegare kunnskapsbehov for forvaltning og næring på området.

Seminaret i dag vil hjelpe forskingsrådet å svare på dette.

Fiskeri- og kystdepartementet ser at problema knytt til lakselus berre kan løysast med meir kunnskap om lakselus. Vi treng og til dømes meir kunnskap om avlusing, korleis lokalisering og drift av anlegg verkar inn og ikkje minst korleis strukturen i næringa kan bidra til å redusere problema for villfisken. Vi må kome dit at lakselus frå havbruksnæringa ikkje lenger er eit problem for villfisken. 

Berekraftig havbruk krev hardt arbeid kvar dag. Det krev merksemd og tilpassing i næringa, det krev kunnskap (forsking) og etter kvart som vi får ny kunnskap, krev det konstante forbetringar i forskrifter og regelverk.

Eg vil avslutte med å understreke at vi i Fiskeri og kystdepartementet legg stor vekt på dette og vi ser fram til å få høyre kva de kjem fram til her i dag. For alle aktørar er oppdatert kunnskap viktig. Både for å gjere dei rette  vala og  for å sikre at ein set inn dei mest kostnadseffektive tiltaka.

Eg vil gi honnør til arrangørane av seminaret som på heller kort tid har klart å få dette seminaret på plass.

Lukke til med dagen i dag og arbeidet vidare framover.