Historisk arkiv

Haugesundkonferansen 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens tale på Haugesundkonferansen 11.2.2009

Statssekretær Vidar Ulriksens tale på Haugesundkonferansen 11.2.2009

Kjære alle saman,

Først av alt vil eg takke for ein hyggeleg invitasjon. Eg er glad for å delta på Hagesundskonferansen -  sjøsikkerheit er eit prioritert område i mitt departement, og er svært viktig for forvaltninga av havet og kysten.

Sjøsikkerheit er eit samansett felt der vi er mange som arbeider i lag. Myndigheiter, det enkelte reiarlag, for ikkje å gløyme det enkelte medlem av mannskapet, må fokusere på sikkerheit til sjøs. Vårt felles mål er å hindre at liv, helse, miljø og materielle verdiar kjem til skade. Myndigheitenes mulegheiter, ansvar og krav blir i stor grad definerte av regelverket, både nasjonalt og internasjonalt. Innanfor feltet sjøsikkerheit har det vore ei enorm uvikling, spesielt av krav og bindande regelverk som er utforma i internasjonale fora. Det er særs viktig at sjøtransporten, som i sin natur er grensekryssande, blir regulert internasjonalt. Det føljer av dette at nasjonal lovgiving på feltet må vere oppdatert i forhold til internasjonal utvikling på regelverksida, men vårt nasjonale lovverk må også vere tilpassa teknologiske endringar som har skjedd dei seinare åra. Eg siktar her til størrelse og hastigheit på skipa, og til auka transport og nye seglingsmønster som mellom anna har gjort leia langs norskekysten meir trafikkert.

Eg er invitert hit i dag for å snakke om den nye lova om hamner og farvatn.  Eg er svært nøgd med å kunne seie at lova ikkje lenger berre er ”på trappene”, men er nå behandla i Odelstinget, og forslaget fekk brei politisk støtte. Det kom og fram at det er tverrpolitisk semje om å sjå nærare på  andre sider ved sjøtransportens rammevilkår, både når det gjeld kostnader i form av avgifter og gebyr og tidsmessig infrastruktur. Målet er at lova om hamner og farvatn skal tre i kraft frå 1. januar 2010.

Arbeidet med å utforme ei ny lov om hamner og farvatn har tatt tid, og det er på høg tid å få på plass reglar som både er tilpassa dagens og framtidas utfordringar og mulegheiter. Eg veit at mange har venta lenge på denne lova. Men det har ikkje vore heilt enkelt å utarbeide eit lovforslag som skal finne sin plass i skjeringspunktet mellom statleg og kommunalt ansvar. Lova skal i tillegg regulere til dels svært ulike hamner og ivareta sjøsikkerheita i krevjande farvatn. Det har også vore viktig å avgrense lova mot anna regelverk slik som lov om skipssikkerheit.

Eit sentral mål med det nye lovforslaget er å etablere eit juridisk rammeverk som legg til rette for at hamnene kan utvikle seg til logistikknutepunkt. I tillegg er formålet med lova å gi vilkår som gjer at effektiv og trygg sjøtransport kan hevde seg i konkurransen med andre former for transport. Lova legg til rette for profesjonalisering av drifta og samarbeid mellom hamner. På denne måten vil større godsmengder kunne konsentrerast i hamnene og effektivisere  hamnedrifta.  Den nye lova legg til rette for trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet. Eg vil og streke under at lova vil vere eit sentralt verkemiddel i ei heilskapleg forvaltning av norskekysten og norske havområde. Vidare skal ho legge til rette for ei effektiv og sikker hamneverksemd som ledd i sjøtransporten og dei kombinerte transportane. Regjeringa ønskjer ein konkurransedyktig sjøtransport både av personar og gods innanfor nasjonale og internasjonale transportnettverk.

Lova er i stor grad ei rammelov, der detaljerte reglar vert fastsette gjennom forskrifter. Dette gir fleksibilitet til å ivareta hamnene sine ulike behov, og det er naudsynt fordi reguleringsbehovet i farvatnet og i kommunane sine sjøområde vil variere. Lova sitt innehald kan sorterast under tre overskrifter: forvaltningsansvar, sjøsikkerheit og regulering av hamneverksemda. Eg vil i det vidare gå inn på dei viktigaste elementa i lova. 

Forvaltningsansvar

Etter lova vil hamnedistrikta slik vi kjenner dei i dag forsvinne. I staden skal forvaltningsansvar og myndigheit delast mellom staten og kommunane. Kommunane sitt forvaltningsansvar på sjøen blir utvida til å gjelde sjøområde innanfor kommunane sine grenser slik dei går fram av plan- og bygningslova. Staten skal framleis ha ansvar for hovudleiene og bileiene og sjøområde utanfor kommunane sitt ansvarsområde.  Staten vil og framleis ha ansvar for navigasjonsinstallasjonane fordi det er viktig for sikkerheita at slike innretningar  er standardiserte når det gjeld både utforming og praktisering.

Sjøsikkerheit

Lova har forbod mot einkvar bruk av fartøy som kan føre til fare, skade eller ulempe for framkomsten eller ferdsla i farvatnet og i hamna. Dette skjerpar krava til aktsemd ved bruk av farvatnet.

Eit viktig tiltak i den nye lova er ein tydeleg heimel for å gripe inn overfor fartøy i fare- og ulukkessituasjonar. I dei fleste tilfelle vil sjølvsagt eit skip som har havarert eller står i fare for å havarer be om hjelp frå eksempelvis slepebåtar. Dersom skipet ikkje gjer det som er naudsynt, utvidar forslaget til ny lov staten sine mulegheiter for å gje pålegg til skipet, til dømes pålegg om å ankre opp, naudlosse, ta om bord slep eller skaffe assistanse frå eit bergingsselskap. Saman med trafikksentralane som overvaker sjøtrafikken, mellom anna ved hjelp av AIS, vil denne nye heimelen gi norske myndigheiter gode vilkår i arbeidet for å unngå alvorlege ulukker til sjøs med fare for liv, helse og miljøskadar langs kysten.

Regulering av hamneverksemda

Hamner er viktige bindeledd mellom sjøverts og landverts transport, men kan også vere ein flaskehals i logistikkjeda.  Lov om hamner- og farvatn dreg opp rammer som hamna skal operere innanfor, men vil i liten grad regulere det praktiske arbeidet i hamna.

Det er viktig å sikre hamnene eit godt økonomisk grunnlag.  Derfor er det er naudsynt å vidareføre reglane om at økonomien til hamna er skilt frå resten av kommuneøkonomien. Den velkjende ”hamnekassa” er no omdøypt til ”hamnekapitalen” som omfattar finansielle midlar og realkapital, slik som eigedommar og areal. Dette blir gjort for å synleggjere at alt hamna eig, slik som areal, bygningsmasse, kranar og liknande er del i hamnas økonomi. Hamnas økonomiske ressursar er i stor grad bygde opp gjennom avgifter som blir kravde inn for hamnetenester. Som hovudregel tillet lova berre at midlane til hamna kan brukast til hamneverksemda, slik som vedlikehald, drift, utbygging og utvikling av hamna som logistikknutepunkt. Regjeringa har likevel foreslått visse endringar og oppmjuking av reglane om hamnekapitalen. Lova opnar mellom anna for ein avgrensa tilgang til å dele ut utbytte frå hamnekapitalen etter forskrift fastsett av departementet. Denne endringa må sjåast i samanhang med at ein, etter den nye lova, i større grad kan velje organisasjonsform for hamnene, til dømes aksjeselskap.

Lova opnar også for at hamnekapitalen kan brukast til investering i hamneselskap, også saman med private aktørar. Kommunen sin eigardel i slike selskap, inkludert avkastning og utdeling, skal inngå i hamnekapitalen. Desse endringane knytte til organisasjonsform, utbytte og eigarskap betyr ikkje at den raud-grøne regjeringa legg opp til privatisering av hamnene, men at vi vil leggje til rette for fleksibilitet og praktiske løysingar i hamnesektoren.

Sjøtransportens brukarbetaling blir ofte diskutert. I den nye lova om hamner og farvatn blir hamneavgiftene erstatta med alminneleg prisfastsetting for dei tenestene som hamna leverer. Slik blir fastsetjinga av hamneavgiftene meir transparent, og bidreg til eit likare konkurranseforhold mellom sjøtransport og andre transportformer.  Det er eit sentralt mål å leggje til rette for ei god forretningsmessig drift med vekt på kostnadskontroll – dette vil i sin tur komme brukarane, og dermed sjøtransporten, til gode.

Som de veit er Nasjonal transportplan for 2010-2019 rett rundt hjørnet. Her blir heile det statlege verkemiddelapparatet for sjøtransporten presentert.  Dette gjeld maritim infrastruktur og maritime tenester, som vil seie farleier, fyr og merke, trafikksentralar og losteneste. I kommande NTP vil og den statlege gebyr- og avgiftspolitikken bli gjennomgått. Departementet arbeider  i tillegg med ein revisjon av rammene for lostenesta. Det blir mellom anna lagt opp til at det skal bli enklare å få farleisbevis – noko som inneber at fleire skipsførarar blir klarerte til å føre fartøy langs kysten utan bruk av los. Dette vil i sin tur redusere skipsfartens utgifter. Forslaga vil komme på høyring nå i år.

Regjeringas klåre ambisjon er at Nasjonal transportplan skal leggje til rette for eit samanhengande transportnett der dei ulike transportmiddel blir sett i samanheng og utfyller kvarandre.  Sjøtransporten kan mellom anna bidra til å møte utfordringar knytte til klima, køar, og ulukker på vegane. Meir transport på kjøl er eit sentralt verkemiddel for å nå desse måla.
 

Nasjonal transportplan og lova om hamner og farvatn legg saman viktige premiss for å transporten til sjøs. Nasjonal transportplan skal snart behandlast i Stortinget, og departementet har eit stor arbeid framfor seg når det gjeld utarbeiding av forskriftsverket til lova.  Ein kan difor trygt seie at rammevilkåra for sjøtransporten framleis er i støypeskeia.

Eg har stor tru på at den nye lova om hamner og farvatn gir dei verkemidla vi treng for å lukkes med transport- og sjøsikkerheitspolitikken. Og eg er sikker på at regelverket, saman med politiske føringar og prioriteringane i Nasjonal transportplan, vil vitalisere hamnene og auke bruken av sjøtransport. Ei trygg, miljøvennleg og effektiv transportform – i tråd med regjeringa sine mål i Soria Moria-erklæringa.