Nye fregattar vitjar Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Nyheit | Dato: 23.04.2010
Forsvarsminister Grete Faremo var blant dei aller første gjestene då KNM Fridtjof Nansen og KNM Helge Ingstad la til kai for å halde ope skip i Oslo.
Forsvarsminister Grete Faremo var blant dei aller første gjestene då KNM Fridtjof Nansen og KNM Helge Ingstad la til kai for å halde ope skip i Oslo.
Dei to fregattane ligg ved Akershuskaia i Oslo i helga. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.
Nansen og Ingstad er to av Noregs fem nye fregattar, og i helga ligg dei til kai i Oslo for å vise seg fram for både forsvarsleiing og publikum.
Faremo såg Nansen for første gong utanfor Somalia-kysten før jul, då det var med i EU-operasjonen Atalanta for å kjempe mot piratverksemd.
- Fregattane er først og fremst kjøpt for å forsvare Noreg og norske havområde. Det kan likevel nedskaleres til bruk mot til dømes piratar, noko vi så eit utmerka døme på i Adenbukta i fjor haust. Skipet og besetninga fekk svært gode betyg for innsatsen der, seier Faremo.
Dei nye fregattane er altså fartøy som både kan drive operativ verksemd som kystovervaking og kontroll i nordområda, og på neste seglingstokt verne skipstrafikken i Adenbukta.
No er Nansen tilbake i heimlege farvatn, og skal samen med dei andre fregattane operere langs norskekysten. Denne helga har publikum høve til å sjå to av dei topp moderne krigsskipene medan dei ligg til kai i Oslo.
Forsvarsminister Grete Faremo helser på sjef Norwegian task group, Håkon Tronstad. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.
Les meir om oppdraget i Adenbukta her:
https://www.regjeringen.no/nb/dep/fd/aktuelt/nyheter/2009/kompetansesamfunn-pa-kjol.html?id=588676
KNM Frithjof Nansen og KNM Helge Ingstad. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.