- Me bør lære av Fredericia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 08.02.2012
- Å gi eldre hjelp til sjølvhjelp slik at dei kan klare seg lengre heime, er vegen å gå. Det meiner kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete etter å ha studert danske Fredericia kommune sitt prosjekt ”Lengst muleg i eige liv”.
- Å gi eldre hjelp til sjølvhjelp slik at dei kan klare seg lengre heime, er vegen å gå.
Det meiner kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete etter å ha studert danske Fredericia kommune sitt prosjekt ”Lengst muleg i eige liv”.
Fredericia kommune blei i 2010 kåra til Danmarks mest innovative kommune for si omlegging av pleiesektoren. Stikkord er tidleg innsats, førebygging og rehabilitering – og minst muleg inngripen i livet til den enkelte. Målet er ”en kommune med aktive og ressourcestærke ældre der gjennom forebyggelse, rehabilitering, teknologi og sociale nætverk er længst mulig i eget liv”.
Dei eldre får aktiv opptrening i staden for passiv hjelp. Dei blir sett i trening etter sjukehusopphald for å kunne flytte heim att. Og resultata er veldig bra: 85 prosent klarer seg med mindre hjelp enn før. No jobbar ni av ti danske kommunar etter same modell som Fredericia.
- Eg synest dette er en veldig god måte å tenkje på. Dei fleste av oss vil klare oss sjølve. Det gjeld også når me blir eldre. Dei fleste vil heller få hjelp til det me treng så me kan leve aktive liv i eigen heim i staden for å flytte til eit passiv tilvere på sjukeheim. Men me må sjølvsagt fortsette utbygginga av sjukeheimsplassar. Dei som treng sjukeheimsplass, må få det, seier Navarsete.
Ho har stor tru på det danskane kallar eit ”ytelsessjokk”, altså massiv innsats i starten i staden for å vente med å gi hjelp etter kvart som sjukdom og funksjonstap utviklar seg.
Fleire norske kommunar er i gong allereie med å lære av Fredericia. Voss kommune har til dømes starta sitt eige prosjekt for kvardagsrehabilitering, mellom anna i samarbeid med Høgskulen i Bergen.