Historisk arkiv

Kommunal- og regionalministeren vitjar Barentssekretariatet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa vil måndag 14. april vitja Barentssekretariatet i Kirkenes. Ho vil også ha samtale med Sør-Varanger kommune.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa vil måndag 14. april vitja Barentssekretariatet i Kirkenes. Ho vil også ha samtale med Sør-Varanger kommune.

Føremålet med besøket er å læra om korleis kommunen og sekretariatet møter dei store utfordringane i nord.

- Eg er svært oppteken av at verksemdene i Barentshavet skal gje auka og varige aktivitetar i land, seier statsråd Kleppa.
 
- Det er gledeleg å konstatera den optimismen som rår i Kirkenessamfunnet. Kirkenes har vorte ein internasjonal by. Særleg er kontakten og samarbeidet med Russland aukande.

Barentsekretariatet har gjennom sitt folk-til-folk-samarbeid gjennom 15 år lagt eit solid grunnlag for også auka næringssamarbeid over grensa. Sekretariatet sine kunnskapar om Nordvest-Russland er også svært viktig for vårt Interregarbeid, særleg prosjektet Nordlege Maritime korridor.

- Eg er difor glad for at me i 2008 har styrkt tilskotet til dette arbeidet og til drifta av sekretariatet, avsluttar statsråd Kleppa.