Historisk arkiv

Nye 158 millionar kroner til full breibandsdekning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gir nærare 158 millionar kroner til fylkeskommunane for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg.

Regjeringa gir nærare 158 millionar kroner til fylkeskommunane for å nå målet om full breibandsdekning i Noreg.

- Regjeringa sitt mål er at folk skal kunne busette seg der dei sjølv ynskjer. Skal vi nå det målet, må folk ha lik tilgang til breiband. Utbygging av breiband er ein viktig del av distriktsløftet. Regjeringa har satsa på å stimulere til utbygging, særleg i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Eit estimat seier at 99 prosent av folket vil ha tilgang når planane for 07 er iverksette. No skal vi ha tak i den siste prosenten!

Pengane er såkalla restmidlar i samband med endra utrekningskriterier for differensiert arbeidsgjevaravgift.

I fylke der full breibanddekning er nådd eller vert nådd på annan måte, kan midlane nyttast til annan infrastruktur, til dømes mobildekning eller næringstiltak etter avtale med KRD, seier statsråden.

Regjeringa har sidan 2006 løyvd totalt 754 millionar kroner til utbygging av breiband. Om vi legg til grunn at andre aktørar har investert det same, vil det seia at det er investert om lag 1,5 milliard kroner til breiband i denne regjeringsperioden.
 
No i 2008 er det løyvd nærare 623 millionar kroner til fylkeskommunane til nye tiltak innanfor regional utvikling. Midlane fordeler seg med 464,863 millionar kroner som kompensasjon til kommunar som har fått auka arbeidsgjevaravgift og 157,887 millionar kroner til å halda fram satsinga på breibandsutbygging og annan infrastruktur og næringstiltak i område der breiband er fullt utbygd.

Fylkesoversikt

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.