11 kommunar får prøve e-val i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 21.01.2010
Regjeringa har bestemt at veljarane i Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo kommune får delta i forsøk med elektronisk røystegjeving ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. (Oppdatert 16.04.10: Sandnes erstattar Drammen i forsøket 2011.)
Regjeringa har bestemt at veljarane i Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo kommune får delta i forsøk med elektronisk røystegjeving ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. (Oppdatert 16.04.10: Sandnes erstattar Drammen i forsøket 2011.)
- Veljarane i forsøkskommunane vil få høve til å røyste heimanfrå via Internett ved neste lokalval, men dei vil òg ha høve til å møte opp i vallokalet og røyste med vanleg papirrøystesetel. Dei kan altså sjølve bestemme om dei vil røyste elektronisk eller på vanleg måte. Eg håpar at flest mogleg vil røyste elektronisk, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Om lag 200 000 veljarar har røysterett i forsøkskommunane. Ved val av forsøkskommunar har vurderinga vore basert på ønskje om variasjon og representativitet. Motivasjon, kompetanse, storleik, befolkningssamansetjing, geografi, kommunikasjon og infrastruktur har vore viktige faktorar i vurderinga.
Dei 11 forsøkskommunane skal teste eit nytt sentralt valadministrativt datasystem som òg har ei løysing for å røyste elektronisk. Kommunane skal òg bidra til å utvikle denne løysinga i samarbeid med departementet.
Ein fylkeskommune vil òg verte valt ut til å teste det valadministrative datasystemet.
Det valadministrative datasystemet skal bidra til å effektivisere valarbeidet i kommunane og medverke til betre informasjon til veljarane. Datasystemet er planlagt innført i alle kommunane etter forsøket i 2011, og vil verte vidareutvikla basert på erfaringane frå forsøket.
Forsøket med å røyste over Internett skal evaluerast av eksterne forskingsmiljø. Erfaringane frå forsøket skal gje Stortinget eit godt grunnlag for å vurdere om det skal leggjast til rette for at veljarane i heile landet skal få høve til å røyste elektronisk og eventuelt tidsperspektivet for dette.
56 kommunar vart i september i fjor inviterte til å søkje om å delta i forsøket, og 35 av desse kommunane søkte.
- Eg ønskjer debatt om elektronisk røystegjeving og har derfor oppretta ein blogg der aktuelle innlegg vert lagt ut i tida fram mot valet i 2011. Alle som vil er velkomne til å bidra med synspunkt, tips eller råd, seier Liv Signe Navarsete.
For meir informasjon: www.evalg.dep.no
Sjå også www.e-valgbloggen.no og e-valg på Facebook og Twitter.
Sjå opptak av pressekonferansen 21. januar 2010 på nett-tv.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.