Statsbudsjettet 2011
Betre levekår i utsette område
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.2010
I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa at satsinga på 43 millionar kroner i Groruddalen i Oslo blir vidareført. Satsinga innafor bustad, by og stadutvikling vart opphavleg sett til ut 2010, men arbeidet skal halde fram. I tillegg vil regjeringa gje Bergen eit tilskot på tre millionar kroner for å motverke opphoping av negative levekår i utsette område.

- Regjeringa vil bidra i arbeidet med å betre miljøet og dei lokale tilhøva i bustadområde som har særlege utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Erfaringa er at slike områdesatsingar må vere langsiktige for å oppnå resultat. Ei vidareføring i Groruddalen er særleg viktig for at tiltak og prosesser som er sette i gong ikkje stoppar opp, påpeikar Navarsete.
3 millionar til Bergen
Bergen har dei seinare åra dokumentert at det er store skilnader i levekår mellom ulike område i byen og mellom forskjellege delar i bydelane. Ein rapport frå 2008 synar at særleg Årstad bydel har store utfordringar.
Fleire undersøkingar og statistikkar syner at Bergen har same utfordringar som vi finn i Groruddalen, berre ikkje den same ”mengdeproblematikken”. Regjeringa har difor gjort framlegg om at Bergen i 2011 får eit tilskot på tre millionar kroner til å betre levekåra i utsette område.
- Bergen har gjort eit godt førearbeid og kartlagt kva for utfordringar byen slit med. Difor vil det gå raskt å setje i gong gode tiltak der. Det skal bli spanande å følgje med på utviklinga, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.