Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2011

Kommunane får auka inntekter neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane får mellom fire og fem milliardar kroner meir i samla inntekter neste år. - Trass i strammare økonomiske tider prioriterer regjeringa meir pengar til kommunane for å sikre gode velferdstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunane får mellom fire og fem milliardar kroner meir i samla inntekter neste år. - Trass i strammare økonomiske tider prioriterer regjeringa meir pengar til kommunane for å sikre gode velferdstenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Mellom 2,5 og 3,0 milliardar av veksten er frie midlar.

- Regjeringa er opptatt av å gjere det muleg for kommunane å tilby gode, trygge barnehagar, eit skuletilbod som gir ungane eit godt grunnlag for heile livet og god pleie og omsorg for dei eldre, seier kommunalministeren.

Det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2011 gir rom for å halde fram utbygginga av det kommunale tenestetilbodet. Kommunesektoren sine utgifter aukar på grunn av befolkningsvekst og endra samansetning av befolkninga. Desse meirutgiftene blir dekka av den samla inntektsveksten.

Inntektsveksten i 2011 kjem på toppen av at den raud-grøne regjeringa har sutt for ein inntektsvekst til kommunane på 41 milliardar kroner i perioden 2006 til 2010.

Frå neste år legg regjeringa dei øyremerka tilskota til barnehagar inn i rammetilskotet til kommunane.

- Det betyr at om lag 80 prosent av kommunane sine inntekter er frie inntekter og berre fire prosent av midlane er øyremerkte. Slik styrker vi det lokale sjølvstyret gjennom eit historisk lågt nivå for delen øyremerkte midlar. Det er eit godt grunnlag for lokale tilpassingar av velferdstilbodet og gir kommunane meir fridom til å prioritera det dei meiner er viktigast for deira innbyggjarar, seier Navarsete.

Resten av kommunane sine inntekter er eigendelar og gebyr.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.


Foto: Agnar Kaarbø/KRD. Bildene kan benyttes fritt av media.