Revidert nasjonalbudsjett 2010
Fleire utleigebustader til vanskelegstilte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 11.05.2010
- Det er mange som har søkt om tilskot for å etablere utleigebustader i år. Vi aukar tilskotet til utleigebustader med 88,8 millionar kroner i 2010 i revidert nasjonalbudsjett. Dette inneber at Husbanken kan gi tilskot til om lag 1150 bustader i år, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Inkludert auken i revidert nasjonalbudsjett, vil ramma til tilskot til utleigebustader vere på 400 millionar kroner i 2010.
- Husbanken spelar ei viktig rolle for kommunane i deira arbeid med å skaffe folk tak over hovudet. Mange kommunar har for få utleigebustader til vanskelegstilte. Bustadtilskotet er viktig for å skaffe fleire, og eg er nøgd med at kommunane prioriterer dei som slit på bustadmarknaden, seier Navarsete.
Aktiviteten på bustadtilskot til utleigebustader auka kraftig i 2009. Det kom mellom anna av at tilsegnsramma blei auka i tiltakspakka for arbeid. Den høge aktiviteten har haldt fram i 2010. I første kvartal i år fekk Husbanken søknader om 50 prosent meir i tilskot enn i same periode i 2009.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.