Akershus fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2011
79 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane som Akershus fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til næringsutvikling. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å styrke dei regionale næringsmiljøa.
79 prosent av dei løyvde regionale utiklingsmidlane som Akershus fylkeskommune brukte i 2010 gjekk til næringsutvikling. Som eit ledd i denne satsinga prioriterte fylkeskommunen å styrke dei regionale næringsmiljøa.
Det viser rapporten frå Akershus fylkeskommune til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2010. Akershus fylkeskommune fordelte 22,93 millionar kroner av dei tildelte midlane til regional utvikling i 2010. Den samla løyvinga til alle fylkeskommunane var på rundt 2,1 milliardar kroner dette året. Akershus fylkeskommune fekk til saman 17,44 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2010.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte regionale utfordringar. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor til fylkeskommunane.
Fylkeskommunen rapporterer at nokre av utfordringane i fylket er:
- Behov for auka innovasjon og nyskaping i næringslivet
- Sterkare næringsklynger for å styrke regionane si internasjonalekonkurranseevne
- Styrkt kommersialisering av forskingsresultat
- Styrkt internasjonal profilering av hovudstadsregionen
- Auka rekruttering til realfag.
Innovasjon og klyngeutvikling, entrepenørskap, samarbeid mellom utdanning og næringsliv og å satse på hovudstadsregionen som ein internasjonal region er strategiar for å styrke regionen. Tiltak som fylkeskommunen trekker fram er:
- Kunnskaps- og industribasert produktutvikling knytt til forskingsinstitutta på Kjeller og Høgskolen i Akershus
- Eablerarrettleiing og kurs i regi av delregionane i Akershus
- 27 etablerarstipend via Innovasjon Noreg
- Satsing på å kommersialisere fornybar energi
- Satsing på innovasjonssenter, bedriftsnettverk og næringsklynger.
Akershus fylkeskommune sitt utviklingsarbeid er basert på partnarskap med regionale og lokale næringslivsorganisasjonar, statlege verkemiddelaktørar, kommunar/delregionar og forskingsparkar.
- Me ser at det er godt samsvar mellom utfordringar i Akershus og prioriteringane til fylkeskommunen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunen fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over tildeling av regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Akershus fylkeskommune
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.