Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

Fem milliardar kroner meir til kommunane i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår at kommunane får ein reell inntektsvekst på fem milliardar kroner i 2012. – I eit nøkternt budsjett er kommunesektoren prioritert, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa foreslår at kommunane får ein reell inntektsvekst på fem milliardar kroner i 2012. – I eit nøkternt budsjett er kommunesektoren prioritert, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

3,75 milliardar av inntektsveksten kjem som frie inntekter. Veksten i dei frie inntektene skal mellom anna bidra til å dekke dei meirutgiftene kommunane får som følgje av at folketalet aukar.

- Budsjettforslaget legg til rette for fortsatt gode kommunale tenester i 2012. Det blir fleire tilsette i kommunane også neste år fordi vi får stadig fleire born som treng barnehageplass og gode skular og fleire eldre som treng omsorg, seier Navarsete.

Regjeringa legg fram eit budsjett som skal sikre arbeidsplassar og god orden i økonomien.

- Ein sterk og sunn kommuneøkonomi er ein føresetnad for gode velferdstilbod over heile landet. Fleire europeiske land har allereie varsla store kutt i offentlege budsjett. Eg er glad for at vi i Noreg kan fortsetje satsinga på gode velferdstenester, seier Navarsete.

- Det er viktig at kommunane helt fram arbeidet med omstilling og effektivisering slik at kvar kommunale krone blir nytta til best moglege tenester til innbyggjarane. Kommunar og fylkeskommunar må ha god økonomistyring og tilpasse aktivitetsnivået sitt til dei inntektene dei har, seier Navarsete.

I tillegg til veksten i dei frie inntektene, foreslår regjeringa særskilte satsingar på enkelte tiltak innan barnehage, barnevern, skule, helse, omsorg og samferdsle.

Rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til nybygg og til rehabilitering av eksisterande anlegg. Regjeringa foreslår at kommunar og fylkeskommunar i 2012 kan få kompensasjon for renteutgifter tilsvarande ei  investeringsramme på to milliardar kroner.

400 millionar kroner av inntektsveksten til fylkeskommunane er grunngjeven i styrking av drift og vedlikehald av fylkeskommunale vegar. I tillegg foreslår regjeringa at fylkeskommunane i 2012 kan få kompensasjon for renteutgifter tilsvarande ei investeringsramme på to milliardar kroner.

Regjeringa foreslår investeringstilskot til ytterlegare 1500 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i 2012. Regjeringa foreslår òg eit nytt tilskot til etablering av dagtilbod til demente.

Samhandlingsreforma blir sett i verk i 2012. Reforma legg til rette for at innbyggjarane kan få eit betre helsetilbod nærmare der dei bur. Kommunane får nye oppgåver i helsetenesta, mellom anna medfinansieringsansvar for spesialisthelsetenester og større ansvar for pasientar som blir utskrivne frå sjukehus. Regjeringa foreslår å overføre 5,6 milliardar kroner til kommunane for å finansiere desse oppgåvene. For at ingen kommunar skal tape på omlegginga, set regjeringa av 305 millionar kroner innafor veksten i frie inntekter til kompensasjon til enkeltkommunar.

Tal for enkeltkommunar:

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.