Statsbudsjettet 2013
6,8 milliardar kroner meir til kommunesektoren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
- I 2013 vil kommunane disponere over 400 milliardar kroner. Av desse er over 300 milliardar kroner frie inntekter. Det skal gje innbyggjarane enda fleire trygge og gode tenester i kvardagen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
- I 2013 vil kommunane disponere over 400 milliardar kroner. Av desse er over 300 milliardar kroner frie inntekter. Det skal gje innbyggjarane enda fleire trygge og gode tenester i kvardagen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Regjeringa gjer framlegg om at kommunane får ein reell inntektsvekst på 6,8 milliardar kroner i 2013. Fem milliardar av desse kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane får som følgje av at folketalet aukar.
- Regjeringa har høg tillit til kommunane. Difor får dei over fem milliardar kroner meir i frie inntekter i 2013. Samstundes er det ikkje sjølvsagt at Noreg går så godt som det gjer. Uvissa i verdsøkonomien og Eurosona har ikkje blitt mindre. Difor må kommunane hushaldere godt og bu seg på at det kan kome dårlegare tider, seier Navarsete.
Det er fyrste gong inntekta til kommunane er på meir enn 400 milliardar kroner.
- Sidan de raudgrøne regjeringa tok over, har lokal velferd vore ei av det viktigaste satsingane våre. Vi snudde ein lang trend med smalhans i kommunane. Det har gitt rom for god samfunnsutvikling. År for år har vi sytt for fleire lærarar, sjukepleiarar og andre som gjev folk gode velferdstenester kvar dag, seier Navarsete.
Regjeringa legg til rette for særskilt styrking av fleire kommunale tenesteområde. I tillegg til veksten i frie inntekter, gjer regjeringa framlegg om auka løyvingar til mellom anna:
- nominell vidareføring av maksimalpris i barnehage
- opptrapping av minimumstilskotet til ikkje-kommunale barnehagar
- kommunalt barnevern
- kulturskuletilbod i skulefritidsordninga
- valfag på ungdomstrinnet
- rentekompensasjonsordninga for bygging og opprusting av skule- og symjeanlegg
- dagtilbod for menneske med demens
- investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader
- sikring av barn i skulebuss
- påskjøningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilkøyring i byområda
- rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka (investeringar i veg og kollektivtransport)
Detaljar kring desse satsingane, finn ein under budsjetta til dei forskjellege fagdepartementa.
- 1,6 milliardar kroner meir til Akershus neste år
- 350 millionar kroner meir til Aust-Agder neste år
- 725 millionar kroner meir til Buskerud neste år
- 217 millionar kroner meir til Finnmark neste år
- 515 millionar kroner meir til Hedmark neste år
- 1,4 milliardar kroner meir til Hordaland neste år
- 695 millionar kroner meir til Møre og Romsdal neste år
- 375 millionar kroner meir til Nord-Trøndelag neste år
- 712 millionar kroner meir til Nordland neste år
- 476 millionar kroner meir til Oppland neste år
- 1,9 milliardar kroner meir til Oslo neste år
- 1,3 milliardar kroner meir til Rogaland neste år
- 333 millionar kroner meir til Sogn og Fjordane neste år
- 753 millionar kroner meir til Sør-Trøndelag
- 463 millionar kroner meir til Telemark neste år
- 452 millionar kroner meir til Troms neste år
- 530 millionar kroner meir til Vest-Agder neste år
- 634 millionar kroner meir til Vestfold neste år
- 815 millionar kroner meir til Østfold neste år