Statsbudsjettet 2013
Sterk vekst i kommunane sine skatteinntekter i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
- Kommunane har fått nær 5 milliardar kroner meir å rutte med i år grunna auka skatteinntekter. Det gjev rom for fleire gode og trygge tenester som folk nyter godt av kvar dag, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Nye anslag syner at kommunesektoren får 2,6 milliardar kroner meir i skatteinntekter i 2012. Dette kjem i tillegg til at skatteanslaget blei justert opp med 2,3 milliardar kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett i vår.
Dei auka skatteinntektene i revidert nasjonalbudsjett blir vidareført i 2013.
Den reelle auken i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2012 er rekna til 6,9 milliardar kroner. Auken i dei frie inntektene er rekna til 5,4 milliardar kroner i år.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.