Statsbudsjettet 2013
Ein offensiv og framtidsretta bustadpolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
- I Noreg skal alle bu trygt og godt. Difor vil regjeringa setje av om lag 24 milliardar kroner til lån og tilskot til ulike bustadtiltak og bustøtte i 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- I Noreg skal alle bu trygt og godt. Difor vil regjeringa setje av om lag 24 milliardar kroner til lån og tilskot til ulike bustadtiltak og bustøtte i 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Låneramma i Husbanken blir på 20 milliardar kronar i 2013. Regjeringa gjer dessutan framlegg om å løyve 2 970 millionar kroner til bustøtte, slik at vanskelegstilte får økonomisk støtte til å busetje seg og behalde eigen bustad.
I tillegg er det sett av midlar til følgjande:
- Tilskot til etablering i eigen bustad aukar med 30 millionar kroner til 354,3 millionar kroner.
- Tilskot til utleigebustader aukar med 58,6 millionar kroner til 488,6 millionar kroner.
- Tilskot til tilpassing av bustad aukar med 47,5 millionar kroner til 172,5 millionar kroner.
Høg folketalsvekst fører til press på bustadprisane. I ein bustadmarknad med stigande prisar, kan det vere ei utfordring for unge og vanskeligstilte å etablere seg.
- Startlån, til dømes saman med tilskot til etablering, er det viktigaste verkemidlet vi har for å hjelpe unge og vanskelegstilte inn på bustadmarknaden. Dessutan gjev midlane rom for om lag 1200 nye utleigebustader, seier Navarsete.
Statsråden peikar på at gjennomsnittleg levealder og delen eldre i Noreg vil stige framover. Det vil stille høgare krav til tilkomst i bustadmassen.
- Eg vil at vi byggjer bustader med gode kvalitetar for framtida. Grunnlån frå Husbanken bidreg til eit auka bustadtilbod og at det byggast tilgjengelege bustader med miljøkvalitetar. Vi må òg hjelpe eldre og personar med nedsett funksjonsevne, slik at dei kan få tilpassa sin bustad og bu lenger heime, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.