Historisk arkiv

Kommunar i Noreg og India skal samarbeide om lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Øygarden kommune i Hordaland skal samarbeide med ein indisk kommune om å fremje kvinner i lokalpolitikken.

Øygarden kommune i Hordaland og ein kommune i delstaten Adnhra Pradesh skal samarbeide om å fremje kvinner i lokalpolitikken.

Det vart klart under eit møte mellom kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og minister for lokalpolitikk i India, Kishore Chandra Deo, fredag.
 
Navarsete er i India for å følgje opp ei samarbeidsavtale mellom India og Noreg om lokaldemokrati. Ein viktig del av arbeidet er å fremje kvinner si rolle lokalpolitikken. Samarbeidsavtala legg opp til utveksling både på statleg og lokalt nivå.
 
Indiske myndigheiter, i samarbeid med FNs kvinneorganisasjon UN Women og med støtte frå Noreg, jobbar for å styrke kvinneleg politisk leiarskap.

- Det er svært positivt at vi no kan følgje opp avtala på lokalt nivå. India er det største demokratiet i verda, med over 700 millionar veljarar i 250 000 kommunar. Det er spanande at dei meiner vi har erfaringar som er verdt å utveksle. Eg er sikker på at vi kan lære mykje av kvarandre. Eg har både lært, fått nye inntrykk og inspirasjon til å føre arbeidet vidare heime i Noreg, seier Navarsete.

Øygarden kommune har deltatt i prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken. Kommunen har gjennom dette arbeidet oppnådd svært gode resultat. Delen kvinnelige representantar har auka frå 17 til 52 prosent.

Noreg støttar òg eit arbeid for å utdanne kvinner i lokalpolitikken i India. Kvinnene får opplæring i rettar kring helse, ernæring, vatn, utdanning og sanitære forhold. Dei får òg trening i å fremje rettane sine og i å motivere andre kvinner til å engasjere seg.