Næringsfond styrker lokal nærings- og samfunnsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.02.2012
Kommunale og regionale næringsfond (KNF) har vore med å styrke, sikre eller etablere arbeidsplassar – ofte i form av vidareutvikling av etablerte verksemder. Fonda har særleg verdi for å styrke kommunen eller regionrådet si rolle som pådrivar for lokal nærings- og samfunnsutvikling.
Kommunale og regionale næringsfond (KNF) har vore med å styrke, sikre eller etablere arbeidsplassar – ofte i form av vidareutvikling av etablerte verksemder. Fonda har særleg verdi for å styrke kommunen eller regionrådet si rolle som pådrivar for lokal nærings- og samfunnsutvikling.
Rambøll Management Consulting har i samarbeid med Agderforskning og Telemarkforsking evaluert KNF på oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet. Formålet var å vurdere KNF sitt bidrag til lokal nærings- og samfunnsutvikling.
- Kommunane har ansvaret for å bidra til å utvikle arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn. Evalueringa stadfestar at kommunale/regionale næringsfond her spelar ei viktig rolle og bidrar til å nå dei nasjonale måla for distrikts- og regionalpolitikken, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Midlar frå dei kommunale næringsfonda har ført til auka attraktivitet for kommunen/regionen som reisemål, bustad og lokaliseringsval for verksemder. Midlane er særleg viktig for små og mindre sentrale kommunar. Resultat frå evalueringa syner at næringsfonda spelar ei særleg viktig rolle for entreprenørar i ein tidleg fase.
KNF som verkemiddel eignar seg for lokal tilpassing. Fleksibilitet og lokal tilpassing er ein føresetnad for å fylle rolla som pådrivar for lokal nærings- og samfunnsutvikling.
Evalueringa finn at kommunale/regionale næringsfondmidlar og har ein utløysande effekt for anna finansiering. I tillegg gjev evalueringa viktige tilbakemeldingar om samarbeidet mellom offentlege forvaltningsaktørar på lokalt og regionalt nivå.
Her finn du diverse rapportar frå evalueringa, publisert i februar 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00