Ny nettportal for forslag frå innbyggjarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 30.01.2013
Eit nytt tilbod frå Kommunal- og regionaldepartementet gjer at alle no kan nytte internett til å føreslå endringar i kommunen dei bur i.
Eit nytt tilbod frå Kommunal- og regionaldepartementet gjer at alle no kan nytte internett til å føreslå endringar i kommunen dei bur i.
Nettportalen misak.no/minsak.no gjer det mogleg å både føreslå saker og samle underskrifter. Samlar ein nok underskrifter, må kommunestyret handsame saka. Ein må samle underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane i kommunen, eller i kommunar med meir enn 6000 innbyggjarar minst 300 underskrifter. I fylkeskommunen må ein ha minimum 500 underskrifter. Tidlegare undersøkingar syner at om lag ein av fem får gjennomslag for saka si.
- Vi har teke eit nytt steg i arbeidet med å nytte moderne teknologi for å utvikle lokaldemokratiet. Folk kan lettare fremje saker og ta hand om interessene sine når vi legg til rette for å fremje innbyggjarinitiativ på internett, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
I den nye nettportalen er det enkelt å spreie innbyggjarinitiativ på ulike sosiale media.
Innbyggjarane i ein kommune har allereie rett til å få saker handsama i kommunestyret dersom dei har samla nok underskrifter. Dette er ein rett som er lite nytta. Navarsete vonar fleire no vil gjere framlegg om saker i lokalsamfunnet.
- Eg vonar og trur misak.no kan få fram gode saker som fortener å bli tatt opp og diskutert i kommunestyret. Eg har tidlegare oppmoda rådmenn og kommunepolitikarar til å handsame initiativ frå innbyggjarane godt og grundig, seier Navarsete.