Distrikts- og regionalmeldinga 2013
By og omland i styrka samspel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 01.03.2013
Regional utvikling er avhengig av eit godt samspel mellom små og mellomstore byar og deira omland.
Regional utvikling er avhengig av eit godt samspel mellom små og mellomstore byar og deira omland.
Vi er i dag vitne til djuptgåande endringar i næringsliv, arbeidsliv og demografi i heile landet. Dette vil prege utviklinga og leggje føringar på korleis det blir å bu i Noreg i framtida.
Små og mellomstore byar er viktige for arbeidsmarknaden og næringsutviklinga i sine respektive omland. Kunnskapsbasert verdiskaping og velfungerande arbeidsmarknader legg grunnlaget for velferdssamfunnet for framtidige generasjonar.
- Store delar av det mest globaliserte og eksportorienterte næringslivet finn vi i relativt små byregionar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Samstundes er det etterspurnad etter kompetanse i heile landet, også i dei små og mellomstore byane. Ein måte å styrkje rekrutteringa av arbeidskraft til næringslivet på og samstundes spreie veksten til eit større omland, er å legge til rette for auka samhandling mellom byane og områda omkring.
Kommunal- og regionaldepartementet har sett av 7,5 millionar kroner på budsjettet for 2013 til eit utviklingsprogram for å styrkje utviklingskrafta til slike byar. Slik vil departementet bidra til ei positiv utvikling i samspelet mellom små og mellomstore byar og deira omland. Dette gjeld stader med mellom 5000 og 50 000 innbyggjarar, lokalisert i heile landet. Stadene er ulike, både når det gjeld storleik, næringsstruktur, kompetansearbeidsplassar og innslag av utdanningsinstitusjonar.
- Eit mål for programmet er å knyte næringslivet i sentra og omlandet betre saman, slik at større deler av regionen kan ta del i dynamikken i næringslivet, seier statsråden.
Programmet skal utviklast i samarbeid med aktuelle byar, kommunar og fylkeskommunar, og verkemiddelaktørane. Første steg blir kunnskapsinnhenting om byane si rolle for næringsutviklinga og arbeidsmarknaden i omlandet, som grunnlag for tiltak og strategiar tilpassa den einskilde staden.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.