Demokratiet blir utvikla på grasrota
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Tale/innlegg | Dato: 20.01.2012
Av: Tidligere kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
At kvinner deltek i politikken på grasrota, er avgjerande for utvikling av lokalsamfunn. Slik er det i Noreg, og slik er det i India.
At kvinner deltek i politikken på grasrota, er avgjerande for utvikling av lokalsamfunn. Slik er det i Noreg, og slik er det i India.
Eg var nyleg på offisiell vitjing i det største demokratiet i verda. Kommunal- og regionaldepartementet underteikna i 2010 ei avtale med søsterdepartementet sitt i India, Ministry of Panchayati Raj, om utvikling av lokaldemokrati. Oppfølging av avtala, med særskilt merksemd på kvinner i lokalpolitikken, var tema for reisa.
Eg blir audmjuk når India med sin storleik meiner at dei har noko å lære av oss.
(Talen/artikkelen fortsetter under fotostraumen)
I delstaten Andhra Pradesh er det meir enn 66 millionar innbyggjarar. Der deltok eg på eit landsbyråd, eit såkalla Gram Sabha. Å stå framføre 1000 menneskje som engasjerer seg i kommunen ved å diskutere konkrete forhold som bør betrast, var ei sterk oppleving. Å vere vitne til at kvinner tok ordet i ei slik forsamling og hevde sine rettar gjorde inntrykk. Dei bryt grenser norske kvinner kjempa mot for fleire tiår sidan.
India legg stor vekt på å styrkje kvinner si stilling i lokalpolitikken. Det er grunnlovsfesta at kvinner skal ha ein tredel av representantane i lokale folkevalde organ. Mange delstatar har allereie ein regel om at 50 prosent av dei folkevalde på lokalplan skal vere kvinner. Regjeringa går no inn for at dette skal gjelde alle.
Men kvotering er ikkje nok. Sjølv om kvinnene får sin del av representantane, slår gamle kjønnsrollemønster inn. Ofte er det mannlege premissar og verdiar som tel mest når lokale styreorgan skal ta stilling til saker. Difor satsar indiske styresmakter både på føderalt og statleg nivå på å heve kvaliteten på lokalt kvinneleg leiarskap. Det blir satsa på opplæring av kvinnelege folkevalde. Dei får kunnskap om rettar og kva det inneber å delta i politikken. I dette arbeidet bidreg Noreg med midlar gjennom FN-organisasjonen UN Women. Resultatet er at kvinner, også dei som er analfabetar, gjer seg meir og meir gjeldande i lokalpolitikken.
Avtalen mellom Noreg og India legg opp til at lokalpolitikarar, ressurspersonar og forskarar med innsikt i lokaldemokrati og lokalstyre skal utveksle erfaringar og kunnskap for gjensidig læring. Under vitjinga fekk me på plass ei avtale om at Øygarden kommune i Hordaland og Kurupam i delstaten Andhra Pradesh sør i India skal samarbeide. Samarbeidet er i første omgang retta mot arbeidet med å styrkje kvinner i lokalpolitikken.
Noreg feirar nett i desse dagar 175 år med kommunalt sjølvstyre. Me har utvikla robuste velferdskommunar og alt i alt eit sterkt lokaldemokrati. India er verdas største demokrati og det landet med nest flest innbyggjarar i verda. Landet er i sterk utvikling og har høg økonomisk vekst. Landet vil bety meir og meir for utviklinga i verda. Det er difor viktig at Noreg satsar breitt på sitt samarbeid med det store landet. Næringsliv, IKT, klimaspørsmål, helse, forsking og energiforsyning er eksempel på viktige samarbeidsområde.
Når Kommunal- og regionaldepartementet no samarbeider om utvikling av lokaldemokratiet er det med å utdjupe samkvemmet med India, ikkje berre på toppnivå, men heilt ned på grasrota i landsbyane.
Eit godt og velutvikla lokaldemokrati er det beste grunnlaget for eit sterkt nasjonalt demokrati. Det gjeld både i Noreg og India.