Historisk arkiv

Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane - bygd på vedtak i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Her følgjer ei oversikt over nye eller endra statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Oversikta byggjer i hovudsak på vedtak gjort i 2008, men det er også tatt med vedtak som er fatta så langt våren 2009.

  • Miljøverndepartementet

Olje- og energidepartementet

 

Barne- og likestillingsdepartementet

                                

Nye plikter – aktivitet og rapportering
Lov om diskriminering og tilgjenge av 17. juni 2008 tok til å gjelde 1. januar 2009,  jf. Ot.prp. nr. 44 (2007-2008)
Om lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelova)
.
Til den nye lova er det knytt to krav om aktivitet og eit krav om rapportering.

Frå same tidspunkt vart det tilsvarande sett i kraft ein ny plikt om aktivitet og rapportering i lov om forbod
mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringslova) (§ 3 a)

Les meir her og her

 

Les meir her

Regjeringa si tiltakspakke for arbeid kan nyttast til universell utforming i kommunane
St.prp. nr. 37 (2008 - 2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid inneheld
mellom anna eit tilskot på 4 mrd. kroner til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av eksisterande
kommunale bygg og infrastruktur. Desse midlane kan også nyttast til å fremje universell utforming.
Les meir

 

Helse- og omsorgsdepartementet

                                                 

Rundskriv IS-1/2008 Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskott for 2008

Rundskrivet gir kommunane, fylkesmannen, dei regionale helseforetaka og fylkeskommunane samla informasjon om nasjonale mål,
regjeringa sine satsingsområde og tilskottsmidlar som Helsedirektoratet forvaltar og som kommunane kan søkje på.
Les meir her                   

Opplegg for registrering av tal for personar med psykisk utviklingshemming i kommunane

Opplegg for registrering av tal for personar med psykisk utviklingshemming i kommunane som kommunane skal rapportere på for 2008
Les meir her    

Rundskriv IS-5/2008: Handbok i alkohollova

IS-5/2008 erstattar det tidlegare rundskrivet I-6/98 og er oppdatert på alle lov- og forskriftsendringar sidan 2. juni 1989.
Alle rundskriv til alkohollova frå denne perioden er innarbeida i det nye rundskrivet. Dette inneber at tidlegare rundskriv i
alkohollova vert oppheva.

Les meir her

Rundskriv IS-8/2008: Kontroll av registrering av tal på psykisk utviklingshemma i kommunane

Rundskrivet inneheld ein oversikt over innrapporterte tal på psykisk utviklingshemma i kommunane per 1. januar 2008.
Rundskrivet inneheld og ei oversikt over kommunar som revisor skal kontrollere etter gjevne retningsliner.

 

Les meir her

Rundskriv IS-9/2008: Legemiddelhandsaming for verksemder og helsepersonell som yter helsehjelp

Rundskrivet inneheld ei rettleiing som gir råd for å sikre gode rutinar og kvalitet i legemiddelhandteringa. For oversikta si
skuld er også forskriftene og  merknadene teke med i rundskrivet. Dette rundskrivet opphevar Helsetilsynets rundskriv IK 11/98 (08/1275).
Les meir her

Rundskriv IS-10/2008: Lov om pasientrettigheter kapittel 4A

Eit nytt kapittel i lova tok til å gjelde 1. januar 2009.  Rundskrivet gir naudsynt informasjon til helsepersonell, og er meint
som ein rettleiar i sakshandsaming og ved vurdering av tiltak.
Les meir her

Rundskriv IS-11/2007: Rutine for handtering av krav om innsyn i IPLOS-registeret

I medhald av helseregisterloven §§ 22 og 25 og IPLOS-forskriften, har kvar enkelt rett til innsyn i personleg informasjon registrert i
IPLOS-registeret. Rundskrivet omtalar dei særskilte rutinane som er utarbeidd for handtering av krav om innsyn.
Les meir her

Rundskriv IS-24/2008: Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008. Rapportering for 2008

Tal på registrerte personar med psykisk utviklingshemming pr. 1.januar 2009 er med og dannar grunnlag for utrekning av
rammetildelinga i inntektssystemet for 2010.
Les meir her

Overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan (blir revidert i 2009)

Kommunane skal øve, oppdatere og vidareutvikle kvaliteten på sine helse- og sosialberedskapsplanar, med rutinar for å førebyggje kriser,
oppdage hendingar og kriser, varsling, effektiv ressursdisponering og samhandling ved kriser (mellom anna mot atomhendingar, biologiske hendingar (smittsamme sjukdommar/pandemisk influensa) og kjemiske hendingar).
Les meir her og her         

Investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader – regjeringa si økonomiske tiltakspakke

Regjeringa tiltakspakka til stimulering av den økonomiske aktiviteten avgjort å utvide det kommunale investeringstilskotet til
bygging av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, slik at det i 2009 kan bli gitt tilsegn til bygging av 2 500 omsorgsplassar.
Les meir her

 

Kommunal- og regionaldepartementet

                                       

Kommunedelen av tiltakspakka

Rundskriv H-03/09 gir ei omtale av dei ulike elementa i tiltakspakka som omfattar kommunane med hovudvekt på eingongstilskotet til
vedlikehald og dei auka rammeoverføringane. Kommunane må i etterkant mellom anna gi ei samla rapportering til fylkesmannen
om korleis dei har nytta vedlikehaldstilskotet.

Les meir her                

Ot.prp. nr. 74 (2007-2008) Om lov om endringer i husleieloven

Endringar i husleigelova vart vedteke 16. januar 2009. Det vart mellom anna vedteke at utleigaren ved leigeavtalar som er
inngått for ei viss tid, skriftleg må opplyse at leigeavtalen ikkje kan seiast opp i den avtalte leigetida. Det vart og vedteke ei
føresegn som gir høve til å avtale at leigaren skal betale særskilt for utgifter til vatn og avløp i tillegg til leiga når kommunen
krevjar betaling for slike kostnader etter målt forbruk. Det vart vidare vedteke fleire endringar i føresegnene om depositum og
i spesialreglane ved utleige av bustader til folk som har det vanskeleg på bustadmarknaden.
Les meir her

Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova

Den nye byggjesaksdelen i plan- og bygningslova og reviderte forskrifter til denne vil etter planen tre i kraft 1. januar 2010.
Lovforslaget blei behandla og vedteke av Stortinget i mars 2009, og forskriftene er planlagd sendt på høyring i midten av mai 2009.

Ny plan- og bygningslov skal medverke til at bustader og bygg skal vere sikre, og omsynet til universell utforming,
miljøvern og god kvalitet skal stå sentralt i byggjeverksemda.

Reglane om byggjesakshandsaming blir meir oversiktlege. Fokus på kvalitet blir skjerpt i byggjesaka. Vurderinga av føretak
skal bli betre, det skal brukast meir uavhengig kontroll og det skal førast meir tilsyn med byggjetiltaka.
Les meir her

 

Kunnskapsdepartementet

                                       

Lovendringar på grunnopplæringsområdet

  • Endring i opplæringslova 20. juni 2008 nr. 48 (diverse endringar)
  • Endring i opplæringslova 27. juni 2008 nr. 70 (RLE-faget)
  • Endring i opplæringslova 27. desember 2008 nr. 118 (formål)
Endring i privatskolelova 20. juni 2008 nr. 48 (diverse endringar)

 

Les meir her               
Les meir her
Les meir her
Les meir her                 

Forskriftsendringar på grunnopplæringsområdet 

Forskrifter til opplæringslova:

  •  30. januar 2008 nr. 85
  •  4. mars 2008 nr. 214
  •  17. juni 2008 nr. 591
  •  24. juni 2008 nr. 725
  •  9. juli 2008 nr. 830
  •  12. august 2008 nr. 924
  •  23. mai 2008 nr. 934
  •  12. september 2008 nr. 1070
  •  10. desember 2008 nr. 1467
  •  19. desember 2008 nr. 1526

 Forskrifter til privatskulelova

  • 17. juni 2008 nr. 591
  • 18. juni 2008 nr. 608
  • 24. juni 2008 nr. 725
  • 12. august 2008 nr. 924
  • 19. desember 2008 nr. 1526

 

 

Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her

 

Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her

Forskriftsendringar på barnehageområdet

Forskrift om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner for styrer og pedagogisk leder i barnehage fra annen stat. Forskrifta tok til å gjelde 3. oktober 2008.

 

Les meir her

Rundskriv på grunnopplæringsområdet

  • F-05-08 Refusjonssatser for utgifter til opplæring for elever i barnevernsinstitusjoner utenfor hjemfylket
  • F-08-08 Styrking av rådgiving i videregående opplæring spesielt rettet mot ungdomstrinnet
  • F-10-08 Om endringer i opplæringsloven
  • F-12-08 Innføring av kunnskapsløftet
  • F-14-08 Informasjon om endringer i opplæringsloven og privatskoleloven
  • Udir-1-2005 Forsvarlig svømme- og livredningsopplæring i grunnskoleopplæringen
  • Udir-2-2008 Forståelse av gjeldende regelverk om voksnes rett til videregående opplæring etter opplæringsloven kapittel 4A
  • Udir-3-2008 Informasjon om endringer i forskrift til opplæringsloven per 5. mars 2008
  • Udir-4-2008 Informasjon om endringer i forskrift til opplæringsloven 1. august 2008 - Kompetansekrav til lærere i grunnskolen
  • Udir-5-2008 Rett til grunnskoleopplæring for barn og unge i asylmottak
  • Udir-6-2008 Rett til videregående opplæring for minoritetsspråklig ungdom
  • Udir-7-2008 Informasjon om plikten til å sørge for ulykkesforsikring for elever, lærlinger og lærekandidater

 

Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her

Rundskriv på barnehageområdet

  • F-01/2008 Statstilskudd til barnehager - nye tilskuddssatser for 2008 mv.
  • F-02/2008 Statstilskudd til drift av barnehager
  • F-03/2008 Tilskudd til faste plasser i midlertidige barnehagelokaler
  • F-04/2008 Investeringstilskudd til nye barnehageplasser
  • F-06/2008 Retningslinjer for revisorattestasjon av årsregnskap for ikke-kommunale barnehager
  • F-07/2008 Utmåling av kommunalt tilskudd til ikke-kommunale barnehager
  • F-11/2008 Skjønnsmidler til drift av barnehager 2008

 

Les meir her          
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her
Les meir her

 

Miljøverndepartementet

                                           

Forbod mot deponering av nedbrotbart avfall

Frå 1. juli 2009 gjeld det eit forbod mot deponering av nedbrotbart avfall. Forbodet blir nedfelt som ei endring i § 9-4 i avfallsforskrifta. For kommunane inneber forbodet at ein del avfall, til dømes restavfall frå hushald, må handsamast på andre måtar enn ved deponering.

 

Les meir her og her

Iverksetting av handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Sommaren 2008 blei det sendt brev til alle kommunar, fylkeskommunar, KS, fylkesmenn og statlege verksemder om iverksetting av regjeringa si handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar. Planen omfattar perioden 2007 – 2010. I kvart fylke/region vil det bli etablert ei fagleg støtteteneste (knutepunkt) som skal stå til rådvelde for både statlege og kommunale verksemder.

 

Les meir her og her

Rikspolitiske retningsliner for kommunalt klimaarbeid

I St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk signaliserte regjeringa at den ville vurdere å innføre rikspolitiske retningsliner for kommunalt klimaarbeid. I samband med utarbeidinga av regjeringa si strategi for økt utbygging av bioenergi av 1. april 2008 blei det varsla eit krav om at alle kommunar skal ha ein energi- og klimaplan innan 1. januar 2010. Planen skal innarbeidast i dei ordinære planprosessane etter plan- og bygningslova. På bakgrunn av dette og signala i Klimameldinga blir det arbeidd vidare med statlege planretningsliner etter ny plan- og bygningslov.

 

Les meir her og her

 

Olje- og energidepartementet

                                            

Tiltakspakka – miljøvennlig energiomlegging i kommunale bygg og anlegg

Stortinget har ved handsaminga av tiltakspakka vedteke ei overføring til Energifondet på 1,2 mrd. kr. i 2009. Dette styrkjer satsing på fornybar energi og meir effektiv energibruk kraftig. Regjeringa legg i tiltakspakka opp til ei omfattande oppgradering av kommunale bygg og anlegg. Kommunar og fylkeskommunar vert oppfordra til å sjå overføringene i samband med Enovas støtteordningar

 

Les meir her og her

 

Fiskeri. og kystdepartementet

 

Ny hamne- og farvasslov

Ny hamne- og farvasslov er handsama i Stortinget, og trer i kraft 1. januar 2010

   

     Les meir her

 

Kultur- og kyrkjedepartementet

                                       

Ot.prp. nr. 34 (2008-2009) Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke, jf. Innst. O. nr. 57 (2008–2009)

I proposisjonen er det fremma forslag om ei endring i kyrkjelova som skal legge rettsleg til rette for utprøving av forsøksordningar ved kyrkjevala i 2009. Reglar om forsøk er vedtekne av Kyrkjemøtet 2008, og dei inneber mellom anna at dei kyrkjelege vala i 2009 skal finne stad samstundes med stortingsvalet (13. og) 14. september, og så nært kommunen sine lokale for stortingsvalet som råd. Kyrkjerådet har utarbeidd ei rettleiing om kyrkjevalet i 2009 med informasjon om reglane.
Les meir her

St.prp. nr. 39 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet for 2009 under KKD (demokratireformen i Den norske kirke), jf. Innst. S. nr. 183 (2008–2009)

Proposisjonen foreslår ei tilleggsløyving til lokal, regional og sentral gjennomføring av demokratireforma i 2009. Den omtalar mellom anna behovet for at sokneråda og valstyret for stortingsvalet i kommunane samarbeider godt om tilrettelegging og gjennomføring av vala.
Les meir her

 

Bilaterale samarbeidsavtaler mellom staten og KS

       
Namn på avtale Partar Inngått Går ut

Byggjar på tidl. avtaler

Avtale om utvikling av barnevernsområdet BFD (nå BLD) og KS 19.08.08 01.09.10  
Avtale om kvalitetsutvikling i helse- og omsorgstjenestene HOD og KS 21.09.06 21.09.10

Ja

Samarbeidsavtale om boligsosialt arbeid KRD samordn. (AID, HOD, BLD, JD) og KS 24.09.07 31.12.10

Ja

Avtale om bosetting av flyktninger i kommunene, opprettelse/nedlegging av mottak mv. AID og KS 02.04.09 01.12.09

Ja

Rammeavtale om ny arbeids- og velferdsforvaltning (NAV) AID og KS 21.04.09 31.12.09  
Nasjonal rammeavtale om samhandling på helse- og omsorgsområdet HOD og KS 21.06.07 21.06.10  
Samarbeidsavtale om styrket samarbeid NAV og utdanningsmyndighetene i k/fk AID og KS 02.05.07 31.12.09  
Samarbeidsavtale om programmet "Livskraftige kommuner" MD og KS 01.01.06 31.12.10

 

Samarbeidsavtale om Grønne energikommuner (tilleggsavtale) KRD samordn.(OED, MD) og KS 02.05.07 31.10.12  
Samarbeidsavtale om landbruks- og næringsutvikling i kommunesektoren LMD og KS 24.09.07 31.12.09

Ja

Tidlegare avtaler som har gått ut        
Samarbeidsavtale om kvalitetsutvikling i grunnopplæringen KD og KS 12.06.06 01.01.09

Ja

Samarbeidsavtale om barnehager KD og KS 04.10.06 31.12.08