Kulturbudsjettet 2008 for Finnmark
Aukar pressestøtta til samiske aviser
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 133/07 | Dato: 02.10.2007 | Sist oppdatert: 11.10.2007
Regjeringa gjer framlegg om å auke pressestøtta til samiske aviser med 5 millionar kroner i budsjettet for 2008. Formålet er å støtte samanslåinga av Min Aigi og Assu og etablere ei samisk dagsavis.
Regjeringa gjer framlegg om å auke pressestøtta til samiske aviser med 5 millionar kroner i budsjettet for 2008. Formålet er å støtte samanslåinga av Min Aigi og Assu og etablere ei samisk dagsavis.
Regjeringa foreslår også eit tilskot på 9,7 millionar kroner til Østsamisk museum i Neiden. Bygget skal stå ferdig neste år.
Stellaris DansTeater får ein auke på 1 million kroner.
– Denne regjeringa har auka støtta til samiske kulturformål med til saman 21,4 millionar kroner sidan 2005. I 2008 skal Sametinget sin forvaltning på kulturfeltet styrkast med vel 6 millionar kroner, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Mange andre ordningar under Kulturrådet kan også komme Finnmark til gode. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsing er tiltak som skal fordelast over heile landet.