Vigdis Moen Storhaug utnemnd til prost i Hallingdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 164/08 | Dato: 10.10.2008
Vigdis Moen Storhaug vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Hallingdal.
Vigdis Moen Storhaug vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Hallingdal.
Vigdis Moen Storhaug vart utdanna som cand. theol frå Menighetsfakultetet i 2001. Ho har brei erfaring frå arbeid i kyrkja og i sokneråd. Vigdis Moen Storhaug har arbeidd med søndagsskule og korverksemd, og har vore medlem i kyrkjelege råd og utval. Vidare har ho praksis som organist/musikkarbeidar, vikarlærar, gravferdskonsulent og prest i tillegg til å rettleie teologistudentar i praksis.