Historisk arkiv

Brei kultursatsing i Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2010 følgjer regjeringa opp scenekunstmeldinga og aukar tilskotet til Hålogaland Teater med 2,5 millionar til 41,1 millionar kroner.

I statsbudsjettet for 2010 følgjer regjeringa opp scenekunstmeldinga og aukar tilskotet til Hålogaland Teater med 2,5 millionar til 41,1 millionar kroner.

Tilskotet skal også dekkje auka pensjonskostnader ved teatret.

Nordnorsk Kunstmuseum får ein auke på 1,5 millionar kroner som vil gi eit tilskot på om lag 15,2 millionar kroner i 2010. Om lag ein halv million skal gå til husleigekompensasjon.

Til nye museums- og biblioteklokale ved Ája Samisk Senter i Kåfjord gis eit investeringstilskot på 7,3 millionar kroner i 2010. Prosjektet skal gjennomførast innanfor ei ramme på 22 millionar kroner, som også omfattar utgifter til utstillingar og utstyr. Etter planen skal bygginga setjast i gang i løpet av 2009.

Tilskotet til Nordnorsk Opera og Symfoniorkester aukar med 10,2 millionar kroner. Dette inkluderer midlar til å dekkje inn auka pensjonskostnader og nye musikarstillingar og turnear i landsdelen. Tilskotet for 2010 vil verte 36,3 millionar kroner. Tilskot som for 2009 vart løyvd til Bodø Sinfonietta, Musikkteatret i Bodø, Opera Nord Tromsø og Tromsø Symfoniorkester, er overført til det nye selskapet.

Tilskotet til Landsdelsmusikerne i Nord-Norge aukar med 1 million kroner, som vil gje eit tilskot på om lag 17,2 millionar kroner.

Løyvinga til samiske kulturformål aukar med 10 millionar kroner.  Av dette går 3,3 millionar til kulturformål under Sametinget, som får ei total løyving på om lag 65 millionar kroner i 2010.

Nordområdesatsinga aukar frå 5 til 9 millionar kroner.

I samsvar med planen som vart lagt fram i St.meld. nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, skal spelemidlar frå Den kulturelle skolesekken fasast inn på   statsbudsjettet som del av det ordinære tilskotet til dei som tidlegare mottok spelemidlar. Første halvdel vart fasa inn i 2009; andre halvdel skal fasast inn i 2010. Overføringa av spelemidlar til Nordnorsk Vitensenter er på om lag 500 000 kroner i 2010.

Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Troms i 2010 er på om lag 90 millionar kroner.

 

Tiltak                  Alle beløp i 1000-kroner

Vedtak 2009

Endring

Forslag
2010

Hålogaland Teater

38 598

2 500

41 098

Landsdelsmusikerne i Nord-Norge

16 163

1 000

17 163

Nordnorsk Kunstmuseum

13 669

1 504

15 173

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester

26 092

10 231

36 323

Nordnorsk Vitensenter - skolesekkmidler

468

498

966

Nordområdesatsing, inkl. Norsk-russisk kultursamarbeid
(tilskuddet går til ulike tiltak i de tre nordligste fylkene)

5 000

4 000

9 000

Sør-Troms museum

7 228

500

7 728

Ája Samisk Senter (investeringstilskudd)

5 200

 

7 300