Kulturbudsjettet for Finnmark:
Meir til samiske kulturformål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 193/09 | Dato: 13.10.2009
I statsbudsjettet for 2010 aukar løyvinga til samiske kulturformål med 10 millionar kroner. 3,3 millionar går til kulturformål under Sametinget, som får ei løyving på totalt 65 millionar kroner i 2010.
I statsbudsjettet for 2010 aukar løyvinga til samiske kulturformål med 10 millionar kroner. 3,3 millionar går til kulturformål under Sametinget, som får ei løyving på totalt 65 millionar kroner i 2010.
Tilskotet til Nordnorsk Opera og Symfoniorkester vil få ein auke på 10,2 millionar kroner. Tilskotet til Landsdelsmusikerne i Nord-Norge aukar med 1 million kroner, noko som vil gje eit tilskot på i underkant av 17,2 mill. kroner. Desse tiltaka vil også kome Finnmark til gode. Tilskotet til Stellaris Danseteater er foreslått auka til vel 4 millionar kroner.
Internasjonalt samisk filmsenter får ei auke på 500 000 kroner frå posten for regionale filmmidlar, og nordområdesatsinga aukar frå 5 millionar til 9 millionar kroner i 2010.
Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Finnmark i 2010 er på om lag 33,4 millionar kroner.
Tiltak Alle beløp i 1000-kroner |
Vedtak 2009 |
Endring |
Forslag |
Internasjonalt samisk filmsenter |
1 500 |
500 |
2 000* |
Landsdelsmusikerne i Nord-Norge |
16 163 |
1 000 |
17 163 |
Nordnorsk Opera og Symfoniorkester |
26 092 |
10 231 |
36 323 |
Nordområdesatsing, inkl. Norsk-russisk kultursamarbeid |
5 000 |
4 000 |
9 000 |
Samiske kulturformål under Sametinget |
61 993 |
3 360 |
65 353 |
|