Jordbruksoppgjeret 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 25.05.2012
Proposisjon til Stortinget om Jordbruksoppgjeret 2012 er i dag godkjent i statsråd.
Proposisjon til Stortinget om Jordbruksoppgjeret 2012 er i dag godkjent i statsråd.
Jordbruksoppgjeret 2012
Proposisjon til Stortinget om Jordbruksoppgjeret 2012 er i dag godkjent i statsråd. Jordbrukets organisasjonar braut forhandlingane den 12. mai. Proposisjonen er derfor samanfallande med statens tilbud, som vart lagt fram den 9. mai. Den følgjer opp Landbruks- og matmeldinga på sentrale område.
Det er sett ei ramme som gir grunnlag for inntektsauke i jordbruket på 4½ prosent i 2013, eller 13.000 kroner per årsverk i høve til 2012 før årets oppgjer. Verknaden på matprisane vil vere under ein halv prosent.
Regjeringa prioriterer storfekjøtt og grøntsektoren, der marknadene er gode. Det blir gjort framlegg om å investere i betre agronomi ved å innføre tilskott til grøfting. Distriktsprofilen blir styrkt, og det blir lagt til rette for ein meir regionalt tilpassa politikk.
Pris og budsjett
Regjeringa gjer framlegg om at målprisane blir auka med 330 millioner kroner. Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen blir foreslått auka med 230 millioner kroner, medan Landbrukets utviklingsfond (LUF) blir tilført 275 millioner kroner ekstraordinært i 2013. Dette gir grunnlag for å styrke investeringstiltaka i åra framover.
Meir regionalt handlingsrom
I tråd med føringane i Landbruks- og matmeldinga er det gjort framlegg om å etablere regionale bygdeutviklingsprogram, med tre hovudelement: Næringsprogram, miljøprogram, skog- og klimaprogram. Det blir lagt opp til å auke løyvingane til dei fylkesvise BU-midlane med 65 millioner kroner gjennom styrka satsing og omdisponering av midlar frå nasjonale program til regionalt nivå. Dette inkluderer regional satsing på bioenergi, lokal mat og reiseliv.
Tydelegare distriktsprofil
Regjeringa gjer framlegg om at det blir sett ned ei breidt samansett arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til korleis distriktsprofilen i nasjonale ordningar under jordbruksavtalen skal bli gjort tydelegare.
Arktisk landbruk
I arbeidet med auka områderetta innsats foreslår regjeringa at arktisk landbruk blir prioritert i første fase. Det blir gjort framlegg om å setje av 3 millioner kroner. Dette skal delast mellom dei tre nordlegaste fylka, og førast vidare på same nivå i tre år. Det blir gjort framlegg om å doble overføringa til Sametingets midlar til næringsformål frå 2 til 4 millioner kroner.
Klimatiltak
Regjeringen varslar i Meld.St. nr. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk at skogen skal nyttast til å sikre eit høgt opptak av CO2, slik at karbonlageret kan auke. Regjeringa gjer framelgg om å opprette eit regionalt skog- og klimaprogram med tiltak som skal gje meir nyplanting og hogst. Den samla løyvinga til skogbruk aukar med 10 millioner kroner. Ramma til Bioenergiprogrammet blir i tillegg auka med 5 millioner kroner.
For å få fleire gardsbruk til å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg er det framlegg om å starte opp eit pilotprosjekt der det blir gitt tilskott på 15 kroner per tonn husdyrgjødsel som blir levert til eit biogassanlegg.
Betre agronomi
Regjeringa meiner det er trong for tiltak som kan gje betre agronomi i norsk jordbruk. Løyvingane til forskning blir derfor auka med 5 millioner til i alt 53 millioner kroner. Agronomiske fagområde som gir auke i matproduksjonen skal prioriterast. Løyvingane til sortsutvikling, rådgjeving og tiltak for å møte eit endra klima blir auka. Støtten til Norsk landbruksrådgivning blir auka frå 48,5 millioner til 52 millioner kroner. For å betre jordkvaliteten blir det gjort framlegg om å setje av 100 millioner kroner til grøfting. Det kan bli gitt tilskott på inntil 1000 kroner per dekar grøfta areal.
Økologisk jordbruk
Salet av økologisk mat auka med 10 pst frå 2010 til 2011. Dette er meir enn dobbelt så stor auke som i matvarebransjen generelt. Ved sidan av direkte tilskott til bønder som har økologisk drift, blir det sett av midlar til marknads- og utviklingstiltak, veilednings- og informasjonsarbeid. Det blir gjort framlegg om å etablere økologisk kretsløpsjordbruk i nokre regionar, der demonstrasjonar av driftsformen vil vere sentral. Samla avsetting til økologisk jordbruk for 2013 er foreslått til 173 millioner kroner.
Rekruttering, likestilling og kompetanse
Det blir gjort framlegg om å setje av inntil 2 millioner kroner til å evaluere yrkesutdanninga innan landbruks- og gartnerfaga. Fagskuletilbudet og samfunnet sin trong for landbruks- og matfagleg utdanning i fagskulane skal kartleggjast. Til saman er det sett av 28 millioner kroner til ulike tiltak for rekruttering, likestilling og kompetanse i landbruket.
Vedtak i Stortinget
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte den 27. april jordbrukets krav i årets jordbruksforhandlingar. Staten la fram sitt tilbud den 9. mai. Jordbrukets organisasjonar meldte den 12. mai at dei ikkje fann grunnlag for å gå i forhandlingar, og at det dermed var brot i årets jordbruksforhandlingar. I Proposisjon 122 S (2011-2012) Jordbruksoppgjeret 2012 – endringar i statsbudsjettet for 2012 m.m. legg regjeringa saka fram for Stortinget, som skal vedta jordbruksoppgjeret 2012.
Jordbrukslandskap. (Foto: Espen Bratlie / Samfoto)