Statsbudsjettet 2013
Meir til naturinformasjon og forvalting
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
Naturinformasjon og naturrettleiing er eit av satsingsområda til Miljøverndepartementet. Regjeringa føreslår å styrkje løyvinga til nasjonalparksenter og naturinformasjonsenter med 6,7 millionar kroner.
Naturinformasjon og naturrettleiing er eit av satsingsområda til Miljøverndepartementet. Regjeringa føreslår å styrkje løyvinga til nasjonalparksenter og naturinformasjonsenter med 6,7 millionar kroner.
Til saman ønskjer regjeringa å nytte 43,7 millionar kroner til desse formåla. Regjeringa vil òg styrkje forvalting av verneområda. Det er difor gjort framlegg om ein auke på 14 millionar kroner til lokal forvalting av verneområda.
–Det er veldig bra at vi no kan styrkje satsinga på informasjon om natur. Det vil auke forståinga i befolkninga for kvifor det er så viktig å ta vare på naturgrunnlaget vårt, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Han er òg glad for at vi no kan tilsetje dei resterande nasjonalparkforvaltarane. Det vil sikre den lokale forvaltinga av nasjonalparkane og dei andre store verneområda.
Løyvinga til nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter er føreslått auka med tre millionar kroner for å styrkje utstillingar og informasjonsarbeid. Det vil òg styrkje tiltak som koplar saman forvalting, naturinformasjon, naturrettleiing, guiding og reiseliv.
Til rovviltsenter er det føreslått ein auke på 3,7 millionar kroner, slik at det samla sett vert løyvt 6,7 millionar kroner til formålet. I rovviltforvaltinga er det eit viktig mål å redusere konfliktane. Det skal difor etablerast autoriserte rovviltsenter som skal formidle objektiv, fagleg korrekt og oppdatert informasjon om økologi, forvalting og konfliktar knytt til dei norske rovviltartane.