Historisk arkiv

Skarvlisensen gir klimateknologi og arbeidsplassar i Nordland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

162/04

Stortingsproposisjonen om utbygging, anlegg og drift av Skarv vart i dag handsama i statsråd. Skarvfeltet er eit gass-, olje- og kondensatfelt som ligg mellom Heidrun og Norne i nordre del av Norskehavet. Rettshavarane er BP Norge AS, StatoilHydro ASA, E.On. Ruhrgas Norge AS og PGNiG Norway AS. BP er operatør for utbygging og drift på Skarv.

Stortingsproposisjonen om utbygging, anlegg og drift av Skarv vart i dag handsama i statsråd. Skarvfeltet er eit gass-, olje- og kondensatfelt som ligg mellom Heidrun og Norne i nordre del av Norskehavet. Rettshavarane er BP Norge AS, StatoilHydro ASA, E.On. Ruhrgas Norge AS og PGNiG Norway AS. BP er operatør for utbygging og drift på Skarv.

Regjeringa stiller som vilkår at rettshavarane i Skarv skal gjennomføre eit program, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som skal leggje til rette for å utvikle teknologi for overføring av store kraftmengder til produksjonsskip. Ein slik teknologi vil bli viktig for å få ned klimagassutsleppa på sokkelen.

- BP har satsa på kraft frå land på Valhall, og eg har store forventningar til BP som pådrivar i den vidare teknologiutviklinga for å muliggjere elektrifisering av produksjonsskip i framtida, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

Skarv er planlagt utbygd med rammer på havbotnen kopla opp til eit produksjonsskip. Investeringane er anslått til 31 milliardar kroner. Operatøren sine reserveanslag er 48,3 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) våtgass og 16,8 millionar  Sm3 olje og kondensat. Olja vil bli bøyelasta, medan gassen vil bli eksportert gjennom eit nytt røyr frå Skarv til Åsgard transportsystem. Planlagt oppstart for Skarv er 3. kvartal 2011.

Skarv vil ha forsyningsbase og driftsstøtteeining i Sandnessjøen som gjev 40 arbeidsplassar og helikopterbase med 11 ansatte i Brønnøysund. Driftsstøtteeininga vil ha ansvar for logistikk, innkjøp, vedlikehald og modifikasjonar. Øvrige funksjonar vil bli samlokalisert med dei andre driftsorganisasjonane til BP i Stavanger.

- Skarv er eit viktig felt som vil bidra til verdiskaping for Noreg, seier statsråd Haga. - Skarv vil styrkje basemiljøet i Sandnessjøen og industrimiljøet på Helgeland på ein svært god måte. Utbygginga gjev bod om interessante ringverknader og eg ser med glede på dei arbeidsplassane Skarv vil skape i regionen, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.