Historisk arkiv

Heimfall – regjeringa sikrar fellesskapets eigarskap til vasskrafta ved lov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har i dag lagt fram proposisjon for Stortinget til lovendringar som bygger på at landets vasskraftressursar skal vere i folkets eige og forvaltast til det felles beste.

Olje- og energidepartementet har i dag lagt fram proposisjon for Stortinget til lovendringar som bygger på at landets vasskraftressursar skal vere i folkets eige og forvaltast til det felles beste. Med desse reglane legg olje- og energiminister Åslaug Haga sluttsteinen som skal sikre og styrke det offentlege eigarskapet til vassfall og kraftverk på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå for all framtid. Formålet om offentleg eigarskap vil statsråd Haga ha lovfesta i industrikonsesjonslova.

-I denne saka har vi sikra offentleg eigarskap til fossefalla ved til fulle å nytte det handlingsromet som EØS-avtala gjev. Lovreglane sikrar norske kommunar og fylkeskommunar evigvarande rettar og inntekter frå vasskraftverk, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

Elektrisitetsproduksjonen i Noreg kjem i all hovudsak frå vasskrafta. Den er ein fornybar ressurs utan utslipp som vil få auka verdi i framtida. Vasskrafta er viktig for å trygge energiforsyninga. Det spreidde offentlege eigarskapet i vasskraftsektoren er med på å sikre det store talet på konkurrerande kraftprodusentar i Noreg.

Heimfallsreglane blei innførte for om lag 100 år sidan og har medført at staten, kommunane og fylkeskommunane i dag eig omlag 88 prosent av norsk vasskraftproduksjon.

Framlegga til lovendringar i vasskraftlovgjevinga er etter departementet sitt syn omfatta av det handlingsrom Stortinget som nasjonal lovgjevar har innanfor ramma av EØS-avtala.

Regjeringa legg fram saka etter ei brei høyring. Proposisjonen inneber at i framtida skal berre offentlege aktørar få høve til å erverve vassfall og kraftverk over konsesjonsgrensa. Dei fleste småkraftverka fell under konsesjonsgrensa på 4 000 hestekrefter. Grunneigarar i distrikta kan difor byggje ut småkraftverk som før.

Regjeringa foreslår å lovfeste retten til omgjering av tidsavgrensa konsesjonar med heimfall til tidsuavgrensa konsesjonar utan heimfall dersom vassfall og kraftverk blir overdrege frå private aktørar til offentlege aktørar. Omgjering kan framskunde offentleg eigarskap i samsvar med målsettinga bak konsolideringsmodellen. Dei private selskapa som sel kraftverka kan samstundes sikre seg langsiktig krafttilgang gjennom deleigarskap i offentlege kraftselskap.

Ordninga med at private kan eige inntil 1/3 i offentlege selskap vidareførast. Det vert foreslått å stramme inn reglane som avgrensar det private eigarskapet til 1/3, for å sikre at det offentlege eigarskapet til vassfalleigande selskap reelt sett er minst 2/3. I lova vert det foreslått å gje ein regel om meldeplikt til departementet ved endringar i det private eigarskapet i vasskraftselskapa.

Regjeringa vil gjere det den kan for å leggje til rette for fortsatt industriutvikling i Noreg, men dette arbeidet må skje innafor rammene av internasjonalt regelverk. Gode vilkår for kraftkrevjande industri kan nåast på fleire måtar, og det kan vere summen av ulike enkeltelement. Dette er eitt slikt element. Gjennom denne lovfestinga bidreg vi til fortsatt industriutvikling i Noreg.

Når det gjeld reglar om utleige av vassfall med tilhøyrande kraftverk tek regjeringa sikte på å legge fram eigen proposisjon for Stortinget våren 2009 etter høyring.

Framlegget til lovendringar vil gje faste rammevilkår for kraftverkseigarane. Samstundes opnar lovverket regjeringa legg fram for omsetting og restrukturering innafor den offentlege eigarsfære.

Sjå odelstingsproposisjonen her