Statsbudsjettet 2008
100 millioner kroner til Nasjonale turistvegar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 100/07 | Dato: 05.10.2007
Regjeringa held fram den aktive satsinga på Nasjonale turistvegar og gjer framlegg om å løyve 100 millionar kroner til prosjektet som leiast av Statens vegvesen.
Regjeringa held fram den aktive satsinga på Nasjonale turistvegar og gjer framlegg om å løyve 100 millionar kroner til prosjektet som leiast av Statens vegvesen.
- Med denne sterke satsinga legg vi til rette for at også private og andre offentlege aktørar lettare kan følgje opp innanfor sine område, slik at vi kan sjå fram mot eit ferdig prosjekt i 2015, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Løyvinga for 2008 er ei vidareføring av det høge nivået frå 2007. Prosjektet Nasjonale turistvegar omfattar 18 strekningar som innan 2015 skal utviklast til turistattraksjonar.
I løpet av 2008 skal Turistveg Rondane ferdigstillast, og Turistveg Sognefjellet og Gamle Strynefjellsvegen får fornya sin status.