Statsbudsjettet 2008
Auka miljøsatsing - gradvis omlegging av transportpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 101/07 | Dato: 05.10.2007
- For å redusere klimagassutsleppa og andre miljøulemper frå transportsektoren må vi styrkje dei miljøvennlege alternativa og auke kostnadane ved å forureine. Framlegget til 2008-budsjettet har ei rad tiltak som fører vidare den omlegginga av transportpolitikken som regjeringa alt har sett i gang, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- For å redusere klimagassutsleppa og andre miljøulemper frå transportsektoren må vi styrkje dei miljøvennlege alternativa og auke kostnadane ved å forureine. Framlegget til 2008-budsjettet har ei rad tiltak som fører vidare den omlegginga av transportpolitikken som regjeringa alt har sett i gang, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Regjeringa gjer framlegg om å løyve nær 11 milliardar kroner til kollektivtransport i 2008
- Løyvingane til Jernbaneverket blir foreslått auka til 5,8 milliardar kroner
- 900 millionar kroner frå ”vegmidlar” til særskilte tiltak for kollektivtrafikken
- Innsatsen for å få bygd ut gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegnett er foreslått auka med nær 90 prosent til 590 millionar kroner
- Regjeringa gjer framlegg om å auke bidraget frå Samferdselsdepartementet til forskingsprogrammet RENERGI med 27 prosent til 29,4 millionar kroner
- Autodieselavgifta blir foreslått auka med 20 øre per liter
- CO2-avgifta på mineralolje til bruk i innanriks luftfart er foreslått auka med 10 øre per liter
- Regjeringa gjer framlegg om miljødifferensiert årsavgift for lette køyretøy
- Regjeringa vil fjerne grunnavgifta på fyringsolje til skinnegåande transport frå 2008
- Løyvingane til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda” blir foreslått auka med 7,5 millionar kroner til nær 162 millionar kroner, og regjeringa vil invitere nye byområder til å søkje midlar
I perioden 1990-2005 auka utsleppa av klimagassar frå landtransport og luftfart med om lag 25 prosent. I 2005 utgjorde utslepp frå vegtrafikken 18 prosent av dei nasjonale utsleppa, medan innanriks luftfart stod for om lag 2 prosent. Om ikkje nye tiltak hadde blitt sett i verk etter 2005, tyder prognosane på at veksten i utsleppa kunne ha auka med nær 40 prosent fram til 2020.
I klimameldinga som no er til handsaming i Stortinget, peikar regjeringa på ei rekkje tiltak som er aktuelle for å redusere utsleppa frå sektoren. Forslaget til statsbudsjett for 2008 følgjer opp fleire av desse tiltaka.
Meir til kollektivtransport og sykkel
Totalt vert det sett av nær 11 milliardar kroner til kollektivtransport i budsjettet for 2008. I tillegg kjem auka løyvingar til fylkeskommunane, som har ansvaret for det meste av den rutegåande lokale kollektivtransporten utanom jernbanen.
Regjeringa vil auke løyvingane til Jernbaneverket med 6,1 prosent til 5,8 milliardar kroner i 2008.
- Regjeringa har dermed meir enn oppfylt dei årlege planrammene for jernbanen to år på rad. Det har ikkje hendt før at ei regjering har gjort dette, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I forslaget til vegbudsjett er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 900 millionar kroner frå ”vegmidlar” til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Midlane skal nyttast til tiltak for kollektivtrafikken på veg og til mellom anna bygging av bybane i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus. Av dette er 190 millionar kroner statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar, medan 710 millionar kroner er bompengemidlar. Den statlege delen av innsatsen vert auka med 12 prosent.
Innsatsen for å få bygd ut gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegnett er foreslått auka med om lag 90 prosent til 590 millionar kroner i 2008, medrekna 250 millionar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.
- Med auka satsing på sykkel får vi reduserte klimagassutslepp, betre helse og mindre trengsel. Dette gjer sykkel til eit av dei aller beste og mest effektive tiltaka for å redusere utsleppa frå transportsektoren, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Meir til miljøvennleg drivstoff
Etter at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett varsla innføring av eit introduksjonsprogram for biodrivstoff, har næringslivet auka satsinga si på dette området kraftig. Programmet skal sikre at minst 5 prosent av alt drivstoff som vert omsett i Noreg i 2009 er biodrivstoff.
Regjeringa er oppteken av å støtte forskingsinnsatsen på alternative drivstoff som biodrivstoff, hydrogen, el-drift, naturgass og hydrogen og meir miljøvennlege transportløysingar. Bidraget frå Samferdselsdepartementet til forskingsprogrammet RENERGI blir auka med 27 prosent til 29,4 millionar kroner i budsjettforslaget.
Bilavgifter endra i miljøvennleg retning
Regjeringa vil gjennomføre endringar i bilavgiftene for å stimulere til meir miljøvennleg transport, og gjer mellom anna framlegg om å auke autodieselavgifta med 20 øre per liter frå 1. januar 2008. Avgiftsdifferansen mellom bensin og autodiesel er i 2007 1,15 kroner per liter for drivstoffavgiftene og 0,26 kroner per liter for CO2-avgifta. For privat- og næringstransporter i distrikta med høgare drivstoffprisar har regjeringa i samband med avgiftsauken vedteke å intensivere arbeidet framheva i Soria Moria-erklæringa om å gjeninnføre ei fraktutjamningsordning.
Dette skal medverke til ei meir riktig prising av miljøulempene ved bilbruk, og må sjåast i samanheng med at årsavgifta for lette køyretøy blir miljødifferensiert frå 2008. Dei som eig dieselbilar med partikkelfilter og bensinbilar får 330 kroner mindre i årsavgift, medan dei som eig dieselbilar utan partikkelfilter må betale 100 kroner meir. Samstundes vil regjeringa auke vrakpanten frå 1500 til 5000 kroner for eldre dieselkøyretøy med høge lokale utslepp.
Frå 2007 er slagvolumkomponenten i eingongsavgifta erstatta med ein CO2-komponent. Det gjennomsnittlege CO2-utsleppet frå nyregistrerte biler har blitt redusert frå 177 g/km i 2006 til 158 g/km i perioden januar til juni 2007.
- På denne måten følgjer regjeringa opp signala frå klimameldinga om ei omlegging av skatte- og avgiftspolitikken for å fremje ein meir miljøvennleg transportsektor, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Sterkare grep for å redusere trafikkveksten i dei største byområda
- Regjeringa arbeider for ein transportpolitikk som skil klårare mellom by og land. Det er i byområda miljøproblema og trengselen er størst. Det er også i byområda det er enklast å leggje til rette for at folk skal kunne velje meir miljøvennlege løysingar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I budsjettet foreslår regjeringa at det vert løyvd 161,7 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”, ein auke på 7,5 millionar kroner frå 2007. Regjeringa foreslår å invitere Drammen, Skien/Porsgrunnsområdet og Fredrikstad/Sarpsborgsområdet til å søkje midlar, i tillegg til byområda som alt er med, det vil seie Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø.
- Evalueringa av ordninga viser at den så langt har hatt avgrensa effekt, særleg fordi byane i liten grad har vore villige til å gjennomføre effektive tiltak for å redusere veksten i biltrafikken. I tråd med det som vart varsla i klimameldinga vil det difor verte ei strengare vurdering av søknadane neste år. Det kan verte aktuelt å konsentrere midlane til færre byar enn i dag, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Vegprising og bruk av bompengar til drift av kollektivtransport
I budsjettframlegget blir det vist til at Stortinget våren 2001 vedtok ei endring i vegtrafikkloven som gir heimel til innføring av ordningar med vegprising. Denne lovendringa er enno ikkje sett i verk.
- Det er heller ikkje utarbeidd utfyllande forskrifter. Samferdselsdepartementet meiner det er naturleg å sluttføre arbeidet med å få det formelle heimelsgrunnlaget på plass. Departementet vil difor arbeide vidare med å få sett i verk den vedtekne lovendringa, og tar sikte på å utarbeide eit forslag til utfyllande forskrifter. Eg har elles tidlegare varsla at regjeringa i haust vil leggje fram eit forslag om endring i vegloven, med sikte på å få ein lovheimel som gjer at inntekter frå bompengeinnkrevjing også kan nyttast til drift av kollektivtransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.